Ingvild Flottorp slapp et av våre favorittalbum i 2022, med fabelaktige I Just Wanna Know It All. Slutten av 2022 og starten av 2023 byr på lanseringsturné, og du finner all info på hennes Facebooksider.
Luke 18: Ingvild Flottorp
For to år sidan vart eg invitert til å spele på ei juleavslutning. Der følte eg at eg måtte spele noko jule-relater. Då måtte det jo sjølvsagt bli «River» av Joni Mitchell. Eg er svak for dei julelåtene som tek føre seg tematikkar som oppstår rundt juletider, men også er holdbare litt etter nyttår.
Samstundes kjende eg at eg mangla den eine låta som tok føre seg det fenomenet som for meg er det beste med jula.
Sjå føre deg ein iskald, mørk desembermorgon. Tåka ligg endå tjukt i bygda, så du tenker «nei, det blir kanskje ikkje fint vêr i dag.», men så labber du likevel i tussmørket opp på heia, og plutseleg er du over tåka som pakkar inn alt stresset som fåregår der nede dei siste dagane før jul. Så stig sola opp i horistonten. Og sola er så stor at du får med deg kvar millimeter den beveger seg oppover. I det augeblikket er det akkurat som at sola varmar sjela og samstundes fryser alle bekyringar. (Jola er til for klisjéar, ikkje sant?)
Når eg står der på heia aleine eller med eit knippe menneske eg er glad i, og alt er så stille, så kjenst det ut som om vi er i ein heilt eigen klubb – der vi sit på noko som ingen andre veit om. Og det trur eg nesten er sant. For nede i bygda stresser folk rundt, og aner lite om kva som foregår nokre hundre meter over dei.
Det er sikkert mange som har sett eit par soloppgangar i sitt liv, men å sjå den som er rundt solsnu frå høgt oppå heia er eg heilt sikker på at det ikkje finst maken til.
At tida står litt stille i den elles travle tida, gjer det nok ikkje mindre fint heller. Er ein heldig så tek ein kanskje med seg varme frå sola når ein kjem heim igjen.
Det er dette eg tek føre meg i «December Light» som eg ga ut i fjor.
Desember er ein travel månad. Ta deg tida til å sjå ein soloppgang (som forøvrig er sein i desember) eller gjer noko anna som gir deg glede du igjen kan ta med deg heim til julefeiring.
Soloppgangstur eller ei; så ynskjer eg alle ei god jol fylt med gode augeblikk med dei ein er glade i!
Beste helsing Ingvild Flottorp
P.S: desemberljoset er også fint i solnedgangen for dei som ikkje er morgonfuglar!

«December Light» finner du også på vår julespilleliste, der du finner nye, skikkelig fine og av og til skikkelig snåle julesanger hele tiden…