I dag er det nyttårsaften, og vi avslutter 2022 med den siste videoen fra albumet til Kjetil Aarseth som slippes i morgen, på den første dagen i 2023. Evig liv heter albumet og er en slags familiehistorie blandet sammen med allmennhistorie og rare betraktninger fra Aarseth. Aarseth har skrevet tekster og melodier selv, og så fått Hallvard Fremstad til å kompe på piano, mens Ørjan Liavaag har produsert, miksa og mastra.
Sove nå er eit forsøk på å lage ei vuggevise, med ein tristfin tvist på slutten. Aarseth forteller:
“Eg har sunge mykje for døtrene. Alle dei kjente vuggevisene. Og så slo det meg at dette stort sett er gammalt materiale. Bokstaveleg talt. Dei mest kjente er frå seksti til hundre år gamle. Eg tok det som ei utfordring og ville prøve å lage ei ny vuggevise men strengt innanfor sjangeren sine oppskrifter i banalitet både i tekst og melodi. Denne testa eg ut i fleire år med hell mot døtrene mine, før eg la til siste verset der ikkje berre søvnen, men den evige søvnen er berørt. Den yngste dottera mi forsto alvoret. Ho begynte å gråte. Så spurte eg ho kvifor: – Eg kom på at eg ein gong skal dø! Father of the year, der altså. Det var trist og fint på ein gong.”
Du kan lese mer om prosjektet, og finne linker til resten av videoene.