Endre Olsen har i 2022 reist rundt med sine egne låter, og med andres låter. Flere bestillingsverk har funnet liv, og vi falt pladask for hans hyllest til Ivar Medaas på årets Forvitnelege Countryfestival på Voss. På platefronten fikk vi Baklengs Tebake i 2021, som vi fortsatt anbefaler. Du kan følge Endre Olsen på Facebook. Og hans musikalske julekort inneholder en av mine absolutte julefavoritter…

Luke 23: Endre Olsen

Little boy toys coming from a sack, carried by a man dressed in white and red. Eg har vel også pakka ut mine esker med gamle leiketog, sjølv om det er Dio-, Kiss- og Metallica-kassettane som har sett sine djupaste spor. Eg gløymer heller ikkje den dagen mannen i kvitt og raudt avslørte seg som min onkel, med Maiden-skjorta godt synleg under frakken. Kanskje det endelege provet på noko ein hadde visst lenge, men nekta å ta heilt inn over seg.

Og såleis haldt ein vel nyoppdaginga helst for seg sjølv, i redsle for å skuffe både småsøskjen og onkelnisse, men kanskje aller mest sitt eige julehjarte. Eg hugsar godt korleis det var å vera liten nok til at julemagien framleis var gjennomtrengande, men gamal nok til at ein måtta tvihalde litt i den. Eg har ikkje blitt eldre. Det gjeld å koma seg tidleg til sengs kvelden før. Little boy don`t you think it`s time you were in bed?  

Og der låg eg, gamal nok til å veta at det var mor mi og ikkje nissen som kom luskande inn på rommet med nokre knitrande godteposar til sokken ved senga mi, men liten nok til å tvinga att augo i redsle for å skulle måtte gi slepp på ein einaste flik av den julemagiske barndomsverda. Eg har ikkje blitt eldre.  

Mest sannsynleg regnar det sidelengs og veggane knakar i det gamle huset mitt. Mest sannsynleg knakar veggane i den gamle verda vår òg – menn utan julehjarte herjar med den. I nokre stjålne veker er det likevel stilla og freden som kviskrar sterkast. Close your eyes, listen to the skies, all is calm, all is well.  

Slik syng Roger Miller til meg som mor mi med godtesokken, heavy-onkelen min i nissedrakten og sikkert meg sjølv i min eigen nissedrakt med mine eigne ungar sine godtesokkar. Han gjer det utan glitter og fjas og cola-reklame. Han gjer det med ein stovebasert nylongitar og ei stemme som er klar for å koma seg tidleg til sengs. Einkvan har tusla seg bort til det støvete pianoet i kroken for å klunka nokre enkle harmoniar. Resten av bandet held seg ute i gangen og vil helst ikkje forstyrra julefreden i stova. Soon you’ll hear Chris Cringle and the jingle bells

På vår julespilleliste finner du 20 timer julemusikk…

Forrige artikkelLuke 22: Julekort fra Claudia Scott
Neste artikkelLuke 24: Julekort fra Terje Espenes
Rune Letrud
Jeg mener at livet er for kort til å høre på dårlig musikk. Og vil heller anbefale GOD musikk, og har som mål å anmelde musikk jeg LIKER, istedenfor å skrive slakteanmeldelser for å få ut innestengt aggresjon over egen utilstrekkelighet. Noenlunde fast plass på spillelista: Elvis, Bob Dylan, Neil Young, Reckless Kelly, The Rainmakers, American Aquarium, Sons of Bill, Lars Winnerbäck, Tom Petty, Todd Snider, Son Volt, Ryan Adams, Drive-By Truckers... Topp 3 på spillelista: Bob Dylan, Elvis, Lars Winnerbäck. Faller alltid tilbake på disse når jeg går lei av å prøve å finne diamantene i kullbingen. Noen favorittskiver: Son Volt - Trace Bob Dylan - Blood On The Tracks Neil Young - Ragged Glory Lars Winnerbäck - Södermarken Chip Robinson - Mylow Kasey Anderson - Nowhere Nights Paul Simon - Graceland Drive-By Truckers - Dirty South Ryan Adams - 48Hours The Backsliders - Throwin' Rocks At The Moon

LEAVE A REPLY

Please enter your comment!
Please enter your name here