Odd-Erik Lothe slapp i 2022 albumet Jaguar sammen med Mighty Magnolias. Han har også spilt konserter over store deler av landet, og du gjør lurt i å oppsøke en av dem om han er i nærheten av deg – enten med solomaterialet eller sammen med Mighty Magnolias.
Følg Lothe på Facebook, og på Spotify.
Eg har vore så freidig å velge min eigen song som eg gav ut i fjor; “La det fine skine”. Ein låt eg fann i skrivebordskuffa som blei fullført ved hjelp av fantastiske Bendik Brænne. I tillegg nydelig julekrydder frå bl.a. Geir Sundstøl.
Eg er nok ein person som er litt over snittet glad i jul. Samstundes er eg også ein av dei som blir forbanna når eg ser dei fyrste juleprodukta i butikken i oktober. Juleøl, julemusikk og julemat får vente til desember bankar på døre, eller i alle fall til fyrste adventshelg. Før den tid lukkar eg auge, øyrer og svelg for den slags. Men gjett om det er stas når ein kan nyte det fyrste juleølet og høyre velkjende juletonar ein har venta på i nesten eit år.
Juleøl, ja. Eg brygger sjølv. Har blitt godt opplært av bror min, Espen Lothe, som driv Kinn bryggeri. Om det ikkje blir sju slag, satsar eg i alle fall på fem. I eit fint spekter frå lyst til mørkt øl.
På matsida er eg jo veldig glad i ribbe, dvs. det som austlendingar omtalar som pinnekjøtt. Urøykt, forresten. Svineribbe og også godt, men den får ikkje plass på den aller gjevaste kvelden. Og så er det eit par nordfjordske spesialitetar. Sånn som nordfjordløfsene med gombe.
Men til sist; julemusikken. Der tronar Nick Lowe sitt julealbum, Quality Street aller øverst. Ellers må eg også innom Elvis, Beach Boys, Brian Setzer, Glen Campbell og Emmylou Harris sine julesaker. Ja, og så er eg ein av dei som synes at Per Aspelin er meir genial enn irriterande.
Så er det jo slik at når ein klarar å vente litt mer førjulsstyret, varer jo jula minst eit par dagar inni det nye året. Då spelar eg alltid New years resolution med Camera Obscura. Alltid ein god stårt på året.
Her er ein slags musikkvideo. Den er forresten laga av teikningar frå mine elevar på barnetrinnet.
Julespillelisten vår “Have Yourself a Dust of Daylight Christmas” har Lothes julesang – og en rekke andre. Lik gjerne listen på Spotify for å henge med når vi legger til nye julesanger…