Årets første verkeleg store utgjeving frå This Is American Music kjem i form av ein fem spors EP, frå dette glimrande Nashville-bandet. Som i følgje seg sjølv spelar Southern/Folk/Pop. Ei ganske grei beskriving. Blount Floyd og Andrew Nelson gav opp karrieren med eit tyngre rockeband for å mellom anna jage draumen om å vere George Jones.
Dei gav oss ein smakebit for eit par månader sidan i form av singelen ”Take Me To The Mountain”. Som også opnar denne utgjevinga.
Og sterkare forvarsel om at noko stort var på gong, kunne vi knapt fått. Med ei opning og låtoppbygging til forveksling lik soulklassikaren ”Stand By Me”. Men mykje meir dynamisk. Og nesten like bra med storslått koring, fele og ein elv av steel-gitar som fløymer over deg. Ein låt så storslått og nydeleg at det kjennest ut som om den alltid har vore med deg. Ein låt det skulle være uråd å følgje opp. Skulle ein tru. Men når refrenget på ”Desert Lark” treff deg midt i fleisen skjønar du at du tok feil. Ein låt som er litt lettare og friskare i takta. Framleis med steel-gitaren vakande i bakgrunnen og ein heilt nydeleg vokal. Og både folk og pop så det held.
”Sailing” tek oss med på segltur. Og her kjem ordet soul til sin rett. Ein ballade som trykker på alle dei rette knappane, med ei nydeleg fele lurande under. Ein låt heilt utan slagverk som likevel skrik mot deg i all si nakne intensitet. Trommene gjer comeback på ”Family Home”. Men til liks med steel-gitaren og pianoet blir dei spelt og ikkje berre slått. Også ein låt utan det heilt store tempoet. ”Bluebird” valsar oss inn i solnedgangen. Igjen kjenslevar vokal med stort sett ein akustisk gitar som tonefølgje. Men når vokalen er platas største instrument er ikkje det noko problem.
Og når plata no er ferdig kjenner eg at eg har eit problem. Nett når ein har byrja å forsyne seg, er det slutt.
Men kjenner eg dei rett er dette berre byrjinga. Dei har lova oss meir, så får eg berre vente. Og spele plata igjen. Og igjen. Og igjen.
Terningkast 6
Tidligere publisert i Firdaposten, 18.mars 2013 – Gjengitt med tillatelse av Platearbeidaren
[youtube_video]http://youtu.be/RFPArhFLedQ[/youtube_video]