Johnny Hide kjenner vi fra såvel sin egen solokarriere som Number Seven Deli, og de siste årene som duo sammen med Rune Berg.
Johnny er i studio med nye låter, og vi forventer fine ting derfra i løpet av neste år. Men Johnny er også glad i julemusikk, og har levert et velfundert valg av julesang. Noen detaljer fra juleforberedelser i heimen får vi også…

Berg & Hide kan du følge på Facebook.

Luke 6: Johnny Hide

I vår familie startar vi så smått med å forberede oss til jul 1. november. Då er det lov med julemusikk, julefilmar, klementinar og julebrus. Eg har mest lyst å starte å bake julekaker den dagen også, men konemor er alltid av den oppfatninga av at det skal vi vente med til vi får dårleg tid og det blir stress. 

Julemusikken er så klart veldig viktig her i huset, det er stort sett det som strøymer ut av høgtalarane i alle rom resten av året, og her er det mange feller å gå i! Diskusjonen går kvart einaste år om eit knippe songar eigentleg har lov å bli spelt i fellesarealet i huset vårt, og sikkert ikkje uventa for dei fleste, er dette til dømes «Last Christmas», «Driving Home For Christmas» og alt av Mariah Carey. Men heldigvis har vi meir enn nok av nydelege innspelingar, både av norske og utanlandske artistar, å kose oss med til at vi alltid kjem oss vidare vel forlikte mot pynting av hus og gran på vesle julaftan.

En av mine favorittar dei siste åra, er «Jul i Folkton».

«Jul i Folkton» var eit samarbeidsprosjekt mellom ei rekke folkemusikarar som starta i Sverige i 2006, der dei tok for seg både kjente og meir obskure julesongar og pakka dei inn i en velklang av harmoniar, omstemte gitarar, cittern, fele, nykkelharpe og særdeles god smak.

Eg kunne ha valt mange låtar frå ei av dei tre platene å presentere som mitt bidrag i julekalenderen. Eg kunne til og med tatt Lena Willemark si opplesing av juleevangeliet på Älvdalsmål – dette fantastiske språket som har meir til felles med norrønt enn dagens svensk, og som framleis eksisterer i Dalarna i Sverige. Men eg har enda opp med «Det lyser en stjärna» frå «Jul i folkton (Live)» som vart utgitt i 2010. På denne låta er alle sammen i ensemblet med: Esbjörn Hazelius, Sofia Karlsson, Ale Möller, Roger Tallroth, Lisa Rydberg, Olle Linder og Lena Willemark. 

«Jul i folkton» høyrer fortida til, men eg vil anbefale alle å oppsøke  strengemester Esbjörn Hazelius, nykkelharpe-virtous Johan Hedin og Sigrid Moldestad sin «Vintersong» -turné no i førjulstida. Dei speler rundt omkring i landet frå advent startar og heile vegen fram mot jula.

God Jul!

Husk også på å like Dust of Daylights store julespilleliste, som får nye, obskure julesanger tilføyd hele tiden…

Forrige artikkelLuke 5 – Julekort fra Embla Karidotter
Neste artikkelLuke 7: Julekort fra Robert Moses
Rune Letrud
Jeg mener at livet er for kort til å høre på dårlig musikk. Og vil heller anbefale GOD musikk, og har som mål å anmelde musikk jeg LIKER, istedenfor å skrive slakteanmeldelser for å få ut innestengt aggresjon over egen utilstrekkelighet. Noenlunde fast plass på spillelista: Elvis, Bob Dylan, Neil Young, Reckless Kelly, The Rainmakers, American Aquarium, Sons of Bill, Lars Winnerbäck, Tom Petty, Todd Snider, Son Volt, Ryan Adams, Drive-By Truckers... Topp 3 på spillelista: Bob Dylan, Elvis, Lars Winnerbäck. Faller alltid tilbake på disse når jeg går lei av å prøve å finne diamantene i kullbingen. Noen favorittskiver: Son Volt - Trace Bob Dylan - Blood On The Tracks Neil Young - Ragged Glory Lars Winnerbäck - Södermarken Chip Robinson - Mylow Kasey Anderson - Nowhere Nights Paul Simon - Graceland Drive-By Truckers - Dirty South Ryan Adams - 48Hours The Backsliders - Throwin' Rocks At The Moon

LEAVE A REPLY

Please enter your comment!
Please enter your name here