fbpx

Platemelding: Michaela Anne – Desert Dove

Michaela Anne har levert akkurat det du treng no som hausten senkar sitt mørke teppe over landet.

Det er noko med stemma til Michaela Anne. Den kryp inn i øyregongane, der finn den vegen inn dei mørke irrgongane i hjernen. Forbi synapser, celler og alt anna grums som måtte ligge der, før den finn fram til det punktet som tryller fram ei kjensle av udefinerbar lengsel i mellomgolvet ein plass. Det er eit frykteleg ufint triks, og det gjer det sjølvsagt vanskeleg for underteikna å levere ein objektiv og distansert melding av hennar nyaste plate Desert Dove.

Det er eigentleg ikkje noko poeng å prøve ein gong. Eg elskar denne plata. Det eg måtte ha igjen av motstandskraft forsvinn med gitarsoloen på «One Heart», det andre sporet på plata. Lesarane for berre ta dette for kva det er. Ein halvgammal mann som svermar for ørkendua Michaela Anne. Lat oss heller ta litt fakta medan plata spelar i bakgrunnen.

Michaela Anne dukka opp på musikkscena med debutplata Ease My Mind i 2014. Eg har ikkje høyrt den, men New York Times var frå seg av åtgaum. Det var «plain-spoken songs of romantic regret and small-town longing», og det gjer sjølvsagt at eg må gå tilbake i tid og sjekke den ut seinare.

Spol fram til 2016. Anne har flytta frå Brooklyn til Nashville, og gitt ut Bright Lights and the Fame. Rodney Crowell kasta glans over plata, og Rolling Stone kom trekkande med Linda Ronstadt og Emmylou Harris for å fortelje om kor bra dette var. Og det var det jo.

No er det 2019 og vår kvinne er ute med sitt tredje album. Desert Dove. Sam Outlaw og Kelly Winrich har delt på produsentjobben, i tillegg til å henge med på kompgitar, og dei har verkeleg gjort ein ypparleg jobb med dette materialet. Med seg på musikersida har dei Brian Whelan på gitar, Kristin Weber på fele og Mark Stepro og Daniel Bailey spelar trommer på skift. Det er elleve spor, 40 minutt og 20 sekund med rein vellyd. Det er sol, sommar og sand. California Country, om det er eit omgrep som gjer meining. Kanskje er Laurel Canyon ein meir presis adresse. Uansett er det veldig fint.

Om noko er det kanskje rett og slett for mykje vellyd, for her er det lite skarpe kantar. Ikkje ei torne å stikke seg på. Kanskje blir det ein slik plate som ein spelar intensivt med ein gong ein kjem over den, for så aldri orke å plukke den fram igjen?

Det får tida vise. Det er uansett ikkje så farleg. Dei aller fleste platene ein kjem over blir vel aldri spelt meir enn dei første par gongene uansett. Om dette er ei slik affære som brenn fort ut er det uansett mykje meir enn ein kan forvente i desse dagar.

Men kanskje vil den overleve. Her og no trur eg dette vil leve evig. Det er noko tidlaust over songane, og produksjonen får fram det beste i dei. Det er kvalitet heile vegen, og jada, eg kan også spele både Emmylou Harris og Linda Rondstadt-kortet. Det er hint av dei begge her. På tittelsporet kan eg kjenne eit lite snev av etterbarberingsvatnet til Chris Isaak. Homkytonken og oldschool-countryen er meir ei kjensle i røysta. Noko som ligg i røtene. For dette er vel først og fremst americana-pop av ypparste sortering.

Ja, som de vel skjønar. Eg tilrår Michaela Anne sterkt. Det er akkurat dette du treng no som haustmørket er i ferd med å feste grepet for godt her i landet. Ja, det er i alle høve mi meining.

FOTO: Presse/Emilia Pare

Siste artikler

Lest dette?