fbpx

Caddy – The Better End

Tomas Dahl, som er Caddy, har roa seg godt ned på dei fire åra som har gått sidan Electric Hero. Caddy si forrige og andre plate. Mannens tredje plate er i så måte eit steg i ein meir harmonisk og poporientert retning. Mindre powerpop, meir Teenage Fanclub. Meir Beach Boys og ELO. Big Star og The Byrds. Med ei solid vinkling mot sol og sommar.

Ei vinkling plata mellom anna har fått grunna stadane låtane blei skrive. Han verkar å vore på ferie når han skreiv dei. Men ikkje veit eg, opningstrioen skreiv uansett Dahl på hytta på fjellet. Og spesielt den rolege “Here It Comes Again” og “Something About Carina” minner mykje om Teenage Fanclub.

“Fangblenny” legg seg i westcoast-landskapet. Svale gitarar og sval vokal. Deretter drog han sørover til Kanariøyane og skreiv mellom anna “Into The Sun” og “The Better End” medan han oppholdt seg på Fuerteventura. Førstnemnde ligg i skjæringspunktet mellom powerpop og Tom Petty & The Heartbreakers på “Into The Great Wide Open”-plata. Medan tittelkuttet legg seg i eit endå svalare og feriestemt landskap.

“Wherever You Go” og “Saint-Cyr-sur-Mer” blei og skrive utanlands, nærare bestemt på den Franske Riviera. To ganske så forskjellige låtar. Førstnemnde er ei uptempo powerpop-låt. Passeleg tøff og intens. Med flotte saksofon-brot av Bendik Brænne. Som er platas einaste musikar utanom Dahl. Den andre middelhavsskrivne låten er langt rolegare. Men framleis med trykk og powerpoptendensar. Dahl saman aleine med flott korarrangement.

Resten av låtane blei skrivne etter ein 10 dagars arbeidstur til Perth i Australia. Og at det enda i Australia får meg til å minnast kva for plate The Better End minnar meg om. Det er meisterverket frå 1989 Something Or Other av bandet til Daryl Mather og Dom Mariani, The Someloves. To musikarar som framleis er aktive og oppegåande. No sist Mather saman med The Orange Humble Band og plata Depressing Beauty. Ei plate som heller i bunn og grunn er så ulik denne. Den største forskjellen er bemanninga. Der australierne for hjelp frå mange, har Dahl to medhjelperar. Brænne er nemnd, den andre er Janne Hea med si flotte stemme på “Bring It Back”. Ei flott smygar av ein halvtempo låt.

“Chasing Clouds” har høgare tempo og meir power. Powerpop. Med ein knallsterk melodi. Så i forhold til alt det andre her blir “Beautiful Strange” nærast country. West-coast country vel og merke. “Autumn Leaves” avsluttar plata på ein litt slentrande, uvøren og baktung måte. Men den forandrar ikkje på det faktum at Dahl har laga ei av årets plater. Ei plate som blir eit paradoks når ei tenker på fortida til Dahl.

Det er vanskeleg å forestille at noko så flott og til tider nydeleg, har sitt utgangspunkt i deathpunkgruppa Turbonegro og powerpopheltane The Yum Yums. Men i dei to ligg altså Caddy sitt Ground Zero.

Denne artikkelen er  tidligere publisert i spalten «Platearbeidaren» i Firdaposten 06.06.15 til terningkast 6 og er gjengitt med tillatelse.

Siste artikler

Lest dette?