Om du liker Tift Merritt, Lucinda Williams, Dixie Chicks og The Mastersons, har du rett og slett ikkje noko val. Då må du berre skaffe deg denne plata.
Dette er så vidt eg kan sjå hennar tredje plate. Den førre Embers To Ashes var ganske tradisjonell countrymusikk, men ho har på denne plata gått litt vidare.
Whitmore har følgd draumen om å bli profesjonell musikar sidan ho var 15. Ho har spelt bass og cello, sunge i Hayes Carll sitt band. Ho har også vore med i eit freakshow der ho, med stort hell, imiterte ein levande jukebox. Men i det siste har ho helde seg med ekteparet i The Mastersons, der søstera Eleanor er eine halvparten . Både under turnering og plateinnspeling. Chris Masterson har og produsert denne plata. Samstundes som det er same gjengen som var med på fjorårets fine Birds Fly South av The Mastersons som står for musiseringa.
Denne gongen har ho vendt seg meir mot Tom Petty enn Hank Williams. Ho har latt orgelet fylle nokre av hola steelgitaren vanlegvis tek seg av. Lyden er meir pop og rock, og låtane er meir refrengorienterte.
Og nettopp låtane her vel verdt å skrive heim om. Der ho gjekk frå glør til oske på Embers to Ashes frå 2011 og slokna, er det no på tide å stå opp att. Og med “There I Go Again” viser ho att ho verkeleg er i gong igjen. Fin orgeldrevet americana. Med mykje fin fiolin frå Eleanor Whitmore. Veldig smakfullt spilt. Dominerande utan å dominere. “Heartbreaker” er ein halvtempo låt med litt bluesy gitar. Og denne forandrar stemninga. Her minnar ho om den fantastiske svenske artisten Ebba Forsberg. Meir fiolin på “Reckless And Young”. Her i samspel med ein elektrisk gitar. Og igjen veldig flott, begge deler. Litt raskare. “Colored Kisses” senkar tempoet. Og dreg seg sakte over deg. Med orgelet i hovudrolla. Som fundament og toppforsegling. Seigt og inderleg.
“Too Much Too Soon” er verken det eine eller det andre. Verken for mykje eller for tidleg, altså. Berre ein fantastisk, flott halvtempo låt med flott fiolinsolo. Det er endå meir schwung i “Cryin’ Out For Me”. Eit litt veggimellom komp som blir helde stødig på plass heile vege. Krydra med fint med fiolin og elektrisk gitar. “You’re Gonna Love Me” opnar roleg med piano før den skyt fart med orgelet friskt til stades. I tillegg til mandolin som ligg og kontrollerer. Det er nesten litt småfunky på “The Gavel”. Med ein tøff banjo som ligg og understrekar undervegs, saman med orgelet. Plata tar eit lite sidesteg her. Men eitt flott eitt. “Borderline” held litt fast i det småfunky. Men her får etter kvart fiolinen verkeleg boltre seg, i tillegg til at orgelet tek litt fyr etter kvart. Tempoet blir roa heilt ned på avsluttinga “Be The Death Of Me”. Og har dei akustiske gitarane i hovudrolla. Men rykta om hennar død er sjølvsagt sterkt overdrive. Det er berre særs vakkert og kjenslevart.
Dette er ei plate eg har venta med spaning på lenge. Heilt sidan ho lanserte Kickstarter-prosjektet i oktober i fjor. Men no er endeleg plata tilgjengeleg for det store publikummet. Og det bør denne plata få. Eit stort publikum.
Den er heilt suveren.
Denne omtalen ble første gang publisert i Firdaposten 11.06.13 og er gjengitt med tillatelse.
[…] i americanakretser og generelt i både Austin og Nashvilles musikkmiljø. Hennes forrige utgivelse, There I Go Again, ble omtalt her på siden, den gang av Roald. Han skrev følgende om […]
[…] This is an album I’ve been waiting anxiously for the long time. Ever since she launched a Kickstarter project last October. But now finally the record available to the wide audience. And it should get this album. A large audience. It is completely sovereign. Buy Online – Listen in Spotify https://www.musikkbloggen.no/2013/06/bonnie-whitmore-there-i-go-again/ […]