Moderne, klassisk pop
Robert Harrison og Cotton Mather brukte “berre” 15 år på å få ut ”Death of The Cool“, oppfølgjaren til ”The Big Picture“ frå 2001.
Etterpå har det tatt seg opp ein del. Han fekk omsider klassikaren ”Kon Tiki“ frå 1997 ut på vinyl, det også i fjor.
Og ”Wild Kingdom“, oppfølgjaren til fjorårets album kom allereie i år. Nok eit solid tillegg i Cotton Mather-diskografien. Og innimellom her ein stad fekk dei ut ”Cotton Mather with Nicole Atkins EP“.
Grunnen til denne kreativiteten frå Harrison sin side, er at han har satt seg fore at skulle skrive ein låt til kvar av dei 64 hexagrama i I Ching. Ein fleire tusen år gammal kinesisk tekst.
Men om inspirasjonen er gammal, er ”Mighty Girl“ tidsriktig nok, den. I Cotton Mather-universet i alle fall. Klassisk pop musikk i sfæren til Squeeze og Crowded House. Og Hoodoo Gurus i sein utgåve.
”Death Of The Cool“, tittelsporet frå fjorårets utgjeving (som dei observante allereie har oppdaga), smyg seg sakte frametter. Framleis smart engelskinspirert pop.
Smyg seg gjør også ”Dutch Light“, kanskje endå meir mot sein Beatles. Og Neil Finn frå dei før nemnde New Zealandarane. Så kort at den nærast er over før ein veit ordet av det.
”Eleanor Plunge“ aukar tempoet, utan at det er fare for at vi dett av i svingane. Men songen er denne gongen nærast irriterande kort. Den korte Hollies-inspirerte låten var så full av ”hooks“ og fengjande melodilinjar at den kunne vore dobbelt så long.
Lengda på låten ordnar ”Shepherds Purse“ opp i. Den opprettheld tempoet frå forgjengaren, men meir enn doblar låtlengda. Låten har også eit tyngre og meir rocka lydbilete. Nærast litt Dream Syndicate i lyden. Utan å miste popkjensla.
”Postcard Home“ er den siste låten, roleg tromming. Piano og cello. Nydeleg melodi, storslått og avslappa på same tid. Om du skjøner.
Og då var vi cirka halvvegs i I Ching-prosjektet til Cotton Mather og Robert Harrison. Det vil seie at vi har over 30 låter og minst to LP-plater å glede oss til.
Denne artikkelen er tidligere publisert i Firdaposten i spalta «Platearbeidaren» den 18.10.17 med terningkast 5 og er gjengitt med tillatelse.