Foreningen for By og Bygd – Vegen gløymer ikkje deg

Oppvaksen som eg er i en nynorsk-kommune, med nynorsk som hovudmål gjennom all min skulegong, så innser eg at et knapt har brukt nynorsk som skriftspråk på minst 30 år. Eg ber derfor om orsaking for gramatiske feil og manglar når eg omset platemeldinga mi til nynorsk til ære for Foreningen for By og Bygd.

Foreningen for By og Bygd har vore ein dårleg skjult kulthemmelegheit på Vestlandet dei siste åra, med ei rekkje legendariske konsertar bak seg. No tek dei endeleg steget inn i Dei Norske Platehyllene, og vert tilgjengelege for alle. Og skeiv country på nynorsk er rett og slett eit uimotståeleg sjarmerande konsept. Når det i tillegg fungerer musikalsk – og særleg tekstleg – så vil dette vonleg vere ei plate folk brukar litt tid på. Det er ho så avgjort verdt.

Men altså – Foreningen for By og Bygd? Kva er bakgrunnen for navnet? Det gjev dei svar på i pressemeldinga, der dei skriv:

“Namnet “Foreningen for By og Bygd” har bandet henta frå den fyrste homoorganiseringa i Noreg. Med denne hyllesten til pionerane i Noreg utforskar bandet korleis ein veldig streit og kjønsstereotyp sjanger som country blir når ein vender opp og ned på kva som er det sjølvsagte. Naturlegvis kan countryen famne om to menn på ein vestlandsk fraktbåt med mykje usagt seg imellom.”

Medlemmane i Foreningen er Jens Kihl på vokal, Helene Nilsen på vokal og akustisk gitar, Endre Aasebø på vokal og el-gitar, Lars Korff Lofthus på vokal og bass (akustisk og elektrisk) og May Frida Bosch på trommer. Saman med produsentane Iver Sandøy og Kato Ådland har dei laga Vegen gløymer ikkje deg i Duper Studios i Bergen.

Så kva skil seg ut i særs stor grad på denne grammofonplata? Vel, eg har nemt tekstane – men òg den gjennomførte countrytwangen, sjarmerande koringar og tydelig speleglede.

Frå Vegen gløymer ikkje deg går i gong, med den energiske perla “Usynleg mann” så er me med på ei nydeleg rundreise i tidvis tragisk kjærleik, lengsel, draumar og tankar om kvardagsliv og samfunnet.
“Usynleg mann” er ei lykkepille av ein låt med, sjølv om den er temmeleg tragisk og fortel historia om han som stakk, og kom attende – og fekk ny opphaldsløyve i forholdet. Og etter nok eit brudd er det sjølvrefleksjonen som er grunnlaget i teksten.

Så tok det sjølvsagt slutt, som alltid før
Du sa eg var umogleg og strauk på dør
Det var du som slo opp, og eg slo auga ned
No bed eg om at det ikkje blir ein runde tre

Koringa på “Finskebukta” er eit anna høgdepunkt. Der ventinga på nokon som var venta på rutebåten er utgangspunktet i teksten – men kjensla av lengt og fortviling er hovudtema. At låta kunne ha gått rett inn i ein av Kaurismäkis filmar om The Leningrad Cowboys ser eg på som den største hyllest ein kan få.
“Elektrisk ål” er ein av mine favorittar. Sjarmerande vindskeiv, men full av herleg biletebruk og nok ein gong er båtliv brukt som utgangspunktet for historia. Båten er naturlegvis òg bilete på det som heldt forholdet flytande.

Vokalansvaret fordelast i hovudsak mellom Jens Kihl og Helene Nilsen, og sjølv om kjærleikslivet til karakterane Nilsen syng om verkar hårfint mindre tragiske enn karakterane Kihl syng om, så er det nok lengt og sårheit til at det oppfyllar grunnreglane i countrymusikk. Fleire stader utfyllar òg tekstane kvarandre – som i “Tenkje på deg” og i “Han som treng deg”. Begge er strålande countryballadar om lengt og draumar om kjærleik og Den Rette. “Han som treng deg” er i tillegg ei særs god omdikting av Cordovas’ “I’m The One Who Needs You Tonight”.

Nemnast må den herlege “Ho frå Hardanger”. Perfekt countrymusikk, eit forhold som mogleg kan vera i starten, ein part er særs interessert – den andre ikkje like klar. Bunadar, naturen i Hardanger, morellar og forviklingar er gode element i ei særskilt godt fortalt historie.

Ei siste tilråding er tittelsongen “Vegen gløymer ikkje deg”. Ei mørk, gotisk countrymisere som er full av herleg biletebruk som “mellom oss er ferja lagt ned, og det kom aldri noko bru” og “var det gaffateip som batt oss, eller berre trass”.

Bruk hausten på å verte kjend med Foreningen for By og Bygd. Vinyl kan du kjøpe hos Apollon eller Big Dipper. Eller på ein av konsertane.

(Foto: Linn Heidi Stokkedal)

Siste artikler

Lest dette?