Verdsmannen er framleis like engasjert, han er framleis i hjørnet til dei litt svakarestilte i samfunnet. Han seier det berre ikkje like høgt, han er blitt litt meir lågmælt i uttrykket på si tredje plate. Han opnar med ”Hus“ og høyrest nesten resignert, ut. Du veit, når ein senker tempoet og byter ut ut fuzzgitarane med fiolinar. Då er løpet kjørt, så då trur eg vi berre avsluttar her. Og klatrar vidare i haugen med plater her. Neida, jaudå, neivel.

Eg berre fleipar sjølvsagt. Vel er Thorbjørnsen ikkje same sintemannen lenger. Men nervane og engasjementet skin framleis gjennom. ”Eld, Varme, Glør“ er litt tyngre, litt over mot eit bluesy Depeche Mode-hold. (I motsetning til det litt slutty Ten-sing-greiene vi er blitt vant til;-).

Og det er heilt tydeleg liv i Fyrbøteren Thorbjørnsen. Her livnar det litt i glørne. Sannsynlegvis er det Steinar Karlsen sin gitar som har tilført lydbiletet litt krydder. Fortsettinga, ”1000 Watt“, ligg i så måte midt mellom dei to første. Nærast litt uptempo Ulf Lundell. Åge Aleksandersen. Ja du skjønar teikninga. Fint er det uansett. ”Elden Inni“ er rolegare, mørkare, dyster. Illevarslende piano-opning som blir bygd opp med strykarar og søkande el-gitarar. Og blir etterkvart ganske så pompøs (litt sånn som skribenten her-red.anm), men blir elegant og fint tatt inn for landing heilt mot slutten. Ein flott låt der spesielt strykarane skin fint.

Han tar bokstavelig talt ein ny veg på ”Vegen Ut“, nærare bestemt heartlandrock. Som Mellencamp, for ikkje å seie Seger. Eit lite stilbrot her på plata, men eit feiande flott eit. ”Dagen Du Ville Gå” blir etter si litt Tom Waitske opning ganske så pompøs. Ei blanding av Verdsmannen på sitt mest intense og Kaizers. Utan at det eine ikkje går i vegen for det andre. Det er umiskjennelig årdøl.

Og då er det umiskjennelig sunnfjording (enn så lenge) på ”Skuggen Av Svunnen Tid”. Her har Steinar Karlsen endeleg sloppe ut av buret sitt. Ein pøl av sydande bluesinfusert folkrock med blåsarar, tungt piano og utagerande vokal. Samt nemnde Karlsen på til tider tung og brutal bluesgitar. ”Fangar Draumar“ roar det heile ned att og losar plata fint i hamn. Thorbjørnsen befestar med si tredje plate stillinga og viser at det i mine øyre mannens store gjennombrot, ”Vi Treng Trøyst“, frå i fjor – ikkje var eit blaff.

Årets plate er nok litt annleis, ja. Men på sin måte like sterk.

Denne artikkelen er tidligere publisert i Firdaposten i spalta «Platearbeidaren» den 07.12.18 med terningkast 5 og er gjengitt med tillatelse.

LEAVE A REPLY

Please enter your comment!
Please enter your name here