fbpx

Amund Maarud – Volt

The Black Crowes og The Raconteurs? Flott! The Black Keys og Gary Clark Jr.? OK. Kings Of Leon? Please! Dei er det for rockemusikk generelt som Mumford & Sons er for rootsrock spesielt. Totalt betydingsløst. Og uinteressant. Dette er nokre av referansane nemnd i presseskrivet til denne plata. Utan at eg klarar å høyre alt igjen her. Og det er greitt nok. Maarud står uansett støtt på eigne bein. Det har han for så vidt gjort lenge.

Etter fire plateugjevingar som bandmedlem gjekk han solo i 2011. Med godt hell. Han fekk nominasjonar til Spellemann på dei to første soloplatene sine. Og pris for “Electric” i 2011. Men no er det 2015 og “Volt” som gjeld. “12 Step Waltz” er vel like mykje ein haltande ballade som ein vals. Storslått på ein tilbakehaldande måte. Men veldig, veldig bra. OK, ganske så roleg.

Men på “Burning” tar plata fyr. Trykk og volum. Instrumentering og koringar blir auka. Blues- og garasjerock med orientalske antydingar. “Gonna Catch Up” tar garasjerocksjangeren endå lengre. Med litt antydingar til soul nærmer vi oss også Lee Bains III. Utan at Maarud på nokon måte forsvinn.

Trommelyden er meir moderne på “Her Favourite One”. Her får han hjelp frå Malin Pettersen med vokal. Og elles er dette den låten så langt som har den tydeligste inspirasjonen frå Jack White og The White Stripes. Med ganske tunge keyboard. På grensa til det krakilske og psykedeliske. Og heilt fantastisk. “Love That Burns” roar det heile ned att. Den er nærast ein roleg marsj. Men framleis med før nemnde element inntakt. Men med hovudinstrumenta piano og orgel. Dog med hylande gitar mot slutten. Det er nesten så ein trur at Screaming Jay Hawkins sin sedate fetter stikk innom på “Lovelights”. Litt småkrakilsk 50- og 60-talsinspirert soulmusikk som bit.

“No Love Between Us” tek igjen tak i notida og er på mange måter like elegant tilbakeskuande som Alabama Shakes. Og liknar spesielt i innleiinga på sistnemnde. Trykket aukast igjen på “Sticky”. Og igjen tykkjer eg han nærmar seg uttrykket og intensiteten til Lee Bains III.

“Wildchild”, er ikkje platas rolegaste låt, men flottaste melodi, beste låt. Rett og slett.

Og Maarud syng veldig flott. Igjen innom soulrocken. Med strategisk plasserte gitarangrep undervegs.

Plata blir avrunda med “Tears Of Rage”, med litt bluesinfisert Led Zeppelin-rock. No mislikar eg det britiske bandet ganske kraftig. Men det er nok meir konseptet enn musikken. Maarud sin låt er uansett storveges. Og sørgjer for ei fin og god avslutting. No veit eg ikkje kvar Maarud føler at han er i karrieren, dette er uansett hans beste plate så langt.

Denne artikkelen er  tidligere publisert i spalten «Platearbeidaren» i Firdaposten 12.03.15 til terningkast 5 og er gjengitt med tillatelse.

Siste artikler

Lest dette?