fbpx

Todd May – Rickenbacker Girls

Veit du kva Todd May og Garland Jeffreys har til felles? Du har ikkje høyrt om nokre av dei, nei. Men uansett, dei har båe ofra karrieren innan musikk for ein periode for å oppdra ei dotter. Garland hadde eit opphald på 13 år. Todd ni år. Som eg ser det er dette, utanom at dei båe lagar glimrande musikk, det dei har til felles. Der Jeffreys er ein etablert artist med ein lang karriere bak seg, er Todd framleis up and coming.Og han har ein del jarn i elden.

Mest profilert er han som gitarist i bandet til Lydia Loveless. Som leverar country med bluegrass- og rockabilly-taktar. Dei to platene ho har på samvitet, The Only Man og Indestructible Machine, er vel verdt å skaffe seg. Før han tok ein pause var han involvert i eit band kalla The Lilybandits. Dei hadde eit råare sound og låg nærare Drive-By Truckers. Dei gav ut to plater, Shifty’s Tavern (1998) og 33 1/3 (2000). Når han dukka opp att involverte han seg i The Mooncussers og Fort Shame. Førstnemnde er nok det som ligg nærast til soloartisten May. Ei aning meir bluesinspirert, dei har to EP’ar under beltet. Demo (2010) og Aperitif (2011), begge vel verdt å skaffe seg. Fort Shame er hakket råare og høyrast ut som si blanding av 80- og 90-talsbandet The Reivers, R.E.M. og Paul Westerberg. Dei har utgjevingane EP (2010) og Double Wide (2012) på samvitet. Begge… wait for it…. vel verdt å skaffe seg.

Så det er ingen uerfaren artist som no solodebuterar, snarare tvert i mot. Og sanneleg er det ei solid plate May leverar frå seg. “St. Albans” opnar plata i balladetempo. Først ein enkel akustisk gitar, og så gåsehud når resten av kompet kjem inn etter ca. 30 sekund. Bass, trommar, orgel, slidegitar, koring. Med eitt er eg heime. Omkransa av eit heilt nydeleg lydbilete. Og May visar at han også har kontroll på vokalen. Ein låt så bra at eg trur eg har høyrt den før. Og det har eg jo, den var på demo-CD’en LTD eg fekk tak i i fjor. 11 låtar som alle er akustiske. Unntatt denne og ein til. Fire av dei andre låtane kom med på plata i full bandversjon. Og nettopp “St. Albans” frå demoen var ein av grunnane til at eg gleda meg til denne plata.

Korleis går ein vidare etter ei sånn opning? Enkelt, “Josephine Calling” høyrast ut som den spelt inn i Muscle Shoals Studio i Alabama. Litt småslentrande som om Jason Isbell i soulmodus skulle tatt turen. Med el-piano, orgel og saksofon som sentrale deler av låten. Og så eg ikkje gløymar det, også med på demoen i denne versjonen. (Er det rart at eg har gleda meg til denne plata?). “Mercy” rockar det opp litt. Og kan minne meir om det han har gjort med The Mooncussers. Det er like himla bra, det er som om det er lyden av ein klassikar. Og kombinasjonen av gitarspelet og hammondorgel er nesten som å høyre Mike Campbell og Benmont Tench i Tom Petty and the Heartbreakers.

Lyden skrus nesten attende 40 år på “Why Don’t You Come Out Lately”. Ein litt rocka soul-låt som hold tempoet i sjakk. Med kjennemerka til Muscle Shoals. Sjekk gitaren, sjekk orgelet, sjekk koringa. Og der var eg ein stad eg likar meg. “Better Way To Build A Rocket er litt meir moderne i lyden. Moderne er jo relativt, men det høyrast ut som click-tracken til trommeslagaren er nytta som ein del av rytmesporet. Platas tyngste og mest bombastiske spor. Tyngre gitar og ein flaum av hammond. Den einaste låten som ikkje heilt treff meg. Men eg veit mange artistar som hadde dauda for å få tilgong til ein låt som dette. May tek det heilt ned att på “Left To Your Own Devices”. Berre akustisk gitar og ein vokal som ruslar i nabolaget Dwight Yoakam. Og så å seie identisk med versjonen frå demoen. Sjølv om låten der heitte “Not Once”.

“Alphabet City” visar at May kan gjøre coverversjonar av andre. Som har gjort coverversjon av han. Ohio-rockarane Two Cow Garage hadde denne låten med på plata The Wall Against Our Back, i ein versjon typisk for dei. May gjør låten sin litt ”rolegare”, men den riv ganske bra i denne samanhengen. Og pianoet her er berre glimrande.

Opninga på “Better” skremde meg nesten. Men bruken av synth er eigentleg ganske smakfull. Og går ikkje i vegen for singer/songwriter-lydbiletet dominert av akustisk gutar og piano. I lyden den låten som stikk seg mest ut saman med “Better Way To Build A Rocket”.

Rickenbacker Girls plasserar May i reviret til Steve Earle i singer/songwriter-modus og Joe Pug. Og nei, den handlar ikkje om jenter og gitarar. Men om jenter/kvinner frå byen Rickenbacker. Nok eit eksempel på kor mangefassetert artisten Todd May er. Han drar av garde ut i hjartelandet, der mellom anna John Mellencamp eingong var, på “Gadflies and Magpies”. Han trivst også der særs godt. Og eg trivst der veldig godt saman med han.

“Sunday Morning” er platas rolegaste og mest coole låt. Som avsluttar plata på ein fin avslappa måte. Med hint av blues, soul og jazz (slapp av, minimalt med jazz). Med den i ryggen passar det godt å ta kvelden. Passeleg mett og veldig fornøgd. Og fornøgd er stikkordet her. Todd May har levert årets så langt beste plate. Og den kjem garantert høgt opp når eg skal gjøre opp status i desember.

Kjøp plata her Peloton Records – Todd May 

Siste artikler

Lest dette?