På sitt tredje album er bandet trygt attende i Europa, denne gongen er det meir Autobahn enn highway. Landskapa er like opne, dei er berre annaleise. Det er framleis mykje gitarar i det bandet driv med, men dei utvidar paletten noko i høve til tidlegare plater. Høyrast det ut som. Når ein studerer platecoveret ser alt normalt ut. Men lydbiletet verkar av og til å gå i ein industriell retning. Dei har denne gongen fått ein rad gode hjelparar med på laget; halvparten (tre personar) frå det flotte popbandet frå Oslo, The Switch, Torgeir Waldemar og Johan Daniel Henriksen, Anders Møller, og amerikanske Moji Abiola.

”How Can I Be Certain” opnar plata hardt, ikkje utmattande hardt, men stødig og jamt. Bruken av pedal-steel gir det heile framleis stort, vidt lydbilde. Dei lenar seg kanskje meir mot den europeiske kraut-tradisjonen. Med noko illevarslande liggande bak den, malande dronete fronten. Herleg og suggererande når du blir fanga inn av det. Dei kan også minne om australske The Church (Som elles kjem med ny plate i år, nummer 26 i rekka!:-)). Og der fauk vi jammen innom endå eit kontinent.

Dei går i ei meir tradisjonell og melodiøs retning på ”Stars Tonight (Have You Seen)“. Ein litt meir lausluppen og leikande utgåve. Der den store kontingenten gode hjelparar openberrar seg for første gongen. Her med flotte koringar. Og på denne låten dukkar den syrete lead-gitaren opp at. Som legg sitt lett psykedeliske filter over det heile. Med ein ganske mørk og myndigheitsrefsande tekst. Det er noko skuggar for utsikta vår.

”Don’t Ask To Much“ opnar med nydeleg pedal-steel gitar og tar tempoet nesten heilt ned. Og gir seg nesten progrocken i vald. Med ein låt i medium lengde i forhold til sjangeren, åtte minutt sånn circa. Og når eg seier prog er det den proggen eg har høyrt på og veit mest om, tidleg 70-tals Pink Floyd. Som “Meddle”, “Obscured By Clouds” og “The Dark Side Of The Moon”. Eg seier ikkje at dei etterliknar britane, men dei minner til tider sterkt om dei. Også med litt av paranoiaen britane etter kvart utvikla. Her flyktar hovudpersonen frå noko eller nokon.

Dei føretek etter kvart ei tempoauking på “Hey!”, høgare tempo. Betre syrefaktor på gitarane, musikalsk dop for øyro og sinn. Gitarsoloar som i ein konkurranse der det gjeld å vere mest uthaldande, ikkje det eg nødvendigvis likar best, men i denne samanhengen er det særs passande. Det paranoide inntrykket frå låtane framfor sit framleis i rimeleg bra.

”The Ticket“ endrar fokuset igjen, eller sjangeren om du vil. Eller den geografiske plasseringa. Her er vi attende på den amerikanske vestkysten, paisley underground. Grateful Dead. Med platas kortaste låt. Med ei lengd på berre tre og eit halvt minutt stikk den seg verkeleg ut her. Med ein rastlaus tekst om å komme seg unna. Ein lys og litt håpefull låt, før mørket tek oss.

For det er nettopp det som skjer når ”Sky Brown Sky” omfamnar oss. Avsluttingslåten byrjar i kvart fall sånn etter ein litt roleg og avventande start. Med litt klimpring og forsiktig jamming, litt orientalsklydande. Deretter tek bandet sats og harvar over oss i seks, sju minutt. Give or take. Med kaskadar av lyd, elektronika. Elektriske gitarar, noko som høyrast ut som sitar. Vi blir kasta inn i kraftrocken frå byrjinga av 70-talet, ikkje nødvendigvis like lett og behageleg for alle. Men for meg like interessant og spanande heile vegen. Og bandet landar det heile til slutt, og gir for så vidt ein forløysing etter ei solid oppbygging. Med eit flott kor, igjen i nabolaget til Pink Floyd.

Dig Deeper fortset å imponere på sitt tredje album, det er klart at dei denne gongen blei møtt med store forventningar frå meg. Men det løyste dei meir enn greitt nok. Det er sånn at eg er spent på kva dei finn på ved neste korsveg.

Denne artikkelen er tidligere publisert i Firdaposten i spalta «Platearbeidaren» den 04.10.17 med terningkast 6 og er gjengitt med tillatelse.

SHARE
Forrige artikkelLørdagsvideo: Andrew Leahey and friends: Walls
Neste artikkelDave Coleman på Norgesturné
Musikkfanatiker. Platesamler. Mislykka musiker. Musikkskribent på hobbybasis. Forhenværende fluefisker. Uføretrygda pga MS. Skriver for Firdaposten.no

LEAVE A REPLY

Please enter your comment!
Please enter your name here