Ei vaksen dose blåtonar

Etter nok eit sidesteg inn i barneoppsedinga si verd med “Jubel og skrubbsår», er Good Time CHarlie no klar med oppfølgaren til “Diamonds” frå 2015.

Og her har veldig lite, om noko, forandra seg. Med ein platetittel som hintar til Link Wray- bør opninga med “Ready” vere såpass. Det er nett som å bli transportert attende til 80-talet då bluesinspirerte band som Fabulous Thunderbirds og Omar & The Howlers rådde grunnen. Men det er ikkje nostalgi Arle Hjelmeland og bandet driv med. Munnspelet hans riv og dreg like mykje i deg no som for 30 år sidan.

“In It To Win It” endrar takta. Litt meir melodiøs. Med piano og munnspel. På grensa til doo wop.

Dei endrar farten igjen på “Hunt”. Og minner av og til om svenske Wilmer X og vokalist Hellberg. Men der sistnemnde har gått meir mot pop og country, held Good Time Charlie på sin rhytm’n’blues-formel.

“Soul Up On Ice” er litt rolegare, mei intens, nærast pompøs. Med flott gitarspel frå Karlsen. Spesielt på soloane her.

Dei køyrer på att igjen med “Line Of Fire”, det er så ein nokre sekund lurer på om dei har gitt seg glamrocken i vald. Men dei held farta og plasserer seg fint der dei skal vere. Med nokre fine melodiøse parti undervegs.

26DAG_01-01-GTC_ReadyToRumble_cover“Pie In The Sky” er igjen rolegare. Og mørkare. Med ein film-noir-stemning, fremma av det eg først trudde var eit diskré strykeensemble. Men det er av alle ting ei sag som er brukt. Nydeleg traktert av Marita Vårdal Igelkjøn. Og slagverk som blir spelt, ikkje slått, på.

Dei slår om takten på “New Beat”, nærast ein Bo Diddley-takt. Av det litt rolegare slaget. Med eit imponerande og variert gitarspel frå Karlsen.

“Hack (NYC Caddie)” er igjen meir halvtempo Texas-blues. Der noko tydelegvis har skjedd i samband med taxi-køyring i The Big Apple, låten har fått eit stemningsskapande lag av trafikklydar. (Om nokon har snakka saman og nokon må gå, veit eg derimot ikkje).

Dei er mjukare, harmoniske på “Mellow”. Det går halvstødig frametter også her. Denne gongen med litt forsiktig bruk av saksofon av Thomas Nøkling.

“Soulhawk” har også Nøkling med i lydbildet, om enn ikkje så tydeleg. Ein levande og pulserande låt meir mot soulrocken. Med Karlsen i hovudrolla på orgel i tillegg til sin eminente gitar.

Dei avsluttar med ein tur til Sydpolen (eller Akvariet, eller kvar no det finnast pingvinar.) med “Freezin´ Penguin”. Leiaren av pingvinflokken som frys for mykje til å vere cool:-). Vi har alle våre problem. I større eller mindre grad. Låten er uansett platas rolegaste sørgar dermed for ei roleg og fin avslutting på plata.

Eit solid nytt stykke i historia til Hjelmeland og bandet.

Denne artikkelen er tidligere publisert i Firdaposten i spalta «Platearbeidaren» den 28.04.17 med terningkast 5 og er gjengitt med tillatelse.

LEAVE A REPLY

Please enter your comment!
Please enter your name here