Dette er det eg kallar ein god kombinasjon, Tove Bøygard med multiinstrumentalist og produsent Freddy Holm (Halden Electric og Henning Kvitnes, for å nemne bitte litt av det han har vore involvert i).

Tove Bøygard Blåe DragSistnemnde tar seg eigenhendig av gitarar, fele, bratsj, cello, banjo, pedalsteel, lapsteel, mandolin, harpe, tangentar og kor. Det beste frå Ål og Halden, spelt inn i Holm sitt Kleiva Studio i Halden. Som på solodebuten frå 2010, “Tove Bøygard”, har ho skrive alle låtar sjølv. Med to unntak, “Mercy Now” av Mary Gauthier er blitt omsett til “Sjå I Nåde”. Og “Fanfanfan” av Thåström har sjølvsagt blitt til “Faen Faen Faen”.

Men det er uansett låtskrivarsken Tove Bøygard som er den mest interessante her. “Framand” som opnar plata er i så måte ein av grunnane til det. Ein del mørkare enn tidlegare, men så har verda endra seg ei del dei siste åra.

Problema er til stades også på tittellåten, “Blåe Drag”. Men dei ligg meir på det nære mellommenneskelege plan. Det frå flyktningkrise til mannfolkkrise, ein bagatell i den store samanhengen. Men likevel… Framleis roleg, men meir kjenslevart. Litt lysare.

“Holdeplass” er endå litt lysare, meir uptempo. Ein countrylåt der Holm for første dreg fram banjoen. Årets første banjo-. Og mandolin-kick. Men tematisk alvorleg nok for dei involverte, samlivsbrot er kanskje blitt vanlegare. Men det er inga trøyst.

Dei går bluesvegen på “Den Som Ikkji Søv”. Ein song om ting som held ein vaken, når ein føler maktesløyse i forhold til andre sine problem.

“Tre” forandrar tonen, det er lysere og lettare. Countryfolk litt som til dømes Gillian Welch. Berre utan sistnemndes intensitet. Med personleg og sjølvbiografisk tekst.

Dei legg seg heilt ned på “Almindeleg Liv”, musikalsk. Skulle til å seie at Holm høyrast ut som Mark Knopfler. Når han speler for Emmylou Harris. Den nydelege låten fortel om ei lengt dei fleste av oss ikkje vil forstå.

“Ta Meg Med” er litt meir fart i. Litt. Også ein song om lengt. Men ein annan type, lengta etter å våge.

Platas så langt mest rocka låt er “Byttu Og Spann”. Sånn litt 70-tals bluesrock-rocka. 70-tals Rolling Stones. Ein låt om å få i både pose og sekk. Å vere fornøgd.

“Melea” er så fin at trur du ikkje Mark og Emmylou kjem attende for å fortelje historia om ho? Eller Claudia som ho eigentleg heiter. Ein nydeleg utført song om eit alvorleg tema.

Ein song om det enklaste i verda, etterpåklokskap, treng ikkje vere enkel. Men “Alle Desse Dagan” får deg til å føle på kjenslene ein har når ein veit ein kunne gjort ting annleis. I ein litt rocka og dynamisk låt.

“Sjå I Nåde” er som nemnd over ein coverversjon av Mary Gauthier. Der ho i utgangspunktet hyllar faren, men også andre i familien. Bøygard gjør ein ganske lik versjon, men den er litt meir instrumentert enn originalen. Men det er ein god coverversjon.

Det same kan seiast om coverversjon nummer to, Thåström si “Faen Faen Faen”. Den er god og den er meir instrumentert. Og også litt annleis i tempo og sjanger. Den litt sakrale låten er her blitt ein flott Americana-låt.

“Treng Deg” som avsluttar denne flotte plata aukar trykket og intensiteteta. Igjen meir på rockesida med ein litt utagerande gitar, både i slide og meir konvensjonelle soloar. Og dette understrekar den flotte jobben Holm gjør som produsent og musikar. Han driv frå dei reinaste gitarveggane, flotte strykearrangement og til det heilt vare og akustiske. Denne plata er i sanning ein maktdemonstrasjon både frå Tove Bøygard og Freddy Holm.

Anmeldelsen er tidligere publisert i Firdaposten. Gjengitt med tillatelse.

NO COMMENTS

LEAVE A REPLY