Den beste plata i 2017?

Ådu! Den beste plata i 2017 kom tideleg. Neida, joda, men..

Etter å ha venta i 23 år på Jimmer Podrasky, låtskrivar og vokalist i det fantastiske 80-tals-bandet The Rave-Ups, si førre plate, brukte han “berre” 4,5 år på denne. Og leste du første setninga over her, skjønar du at dette er gode greier.

Som førre gongen har han med seg Mitch Marine og Brian Whelan frå bandet til Dwight Yoakam. Sistnemnde ga igjen ut ei flott powerpopsoloplate i fjor. Han har også med seg Rami Jaffee (mellom anna The Wallflowers), Ted Russell Kamp (Shooter Jennings og soloartist) og pedal-steel legenda Marty Rifkin (mellom anna Bruce Springsteen og Tom Petty).

Og så nydelege Syd Straw. Som heller ikkje har vore så veldig synleg sidan 80- og 90-talet. Ho ga ut si siste eiga utgjeving i 2008.

“Your Heaven Or Mine?” som opnar årets utgjeving er lett gjenkjenneleg, både i takt og tone. Flott uptempo folkrock. Med ein lett filosofisk tekst.

Han er litt nærare rockeuttrykket til The Rave-Ups på “Like Money Spent”. Og powerpop, for den del. Gitarar med sting og nydelege melodilinjer.

“Half A Dad” fortset på same sporet med eit supplement av eit herleg Hammond B3-orgel. Det er få andre ting som løftar eit lydbilete som sistnemnde. Det og litt funky takter.

jimmer _cover artPodrasky roar det heile ned på “Grandma’s Song”. Framleis med eit godt trykk og same intenisteta som på låten foran. Men litt mindre orgel, men kor istaden. Gospelkor for å være nøyaktig. Og meir sologitarspel.

“RollerCoaster USA” er litt høgare tempo, igjen mykje orgel. Munnspel dukkar opp att. Ein låt typisk både The Rave-Ups og Jimmer solo. Nesten litt westcoast Bob Dylan.

Ikkje så mykje ein ballade, “The Ballad of Addie Polk” er ei situasjonsbeskriving av livets mørkare sider. Meir rocka og mørk. Der livet går frå rekning til rekning. Med ein fatal utgong.

”You Can Count On Me” er over på livets lysare side. Litt halvtempo countryrock med nydelege Syd Straw. Og flott steel gitar. Nok ei stor positiv overrasking, det finnast knapt noko finare når tidlegare heltar blir trekt fram att. Og leverer.

Det er sjølvsagt meir kjærleik på “(I’m In Love With) A Girl We All Know”. Med eit mørkare og meir stakkato lydbilete. Igjen meir mot The Rave-Ups-lyden. Ein lyd betre enn det meste.

“Shoot The Moon” er ei historie om ei jente med elleve tær. Og ein kjærleikssong med sjølvbiografiske trekk. Ein typisk Jimmer-halvballade. Med George Harrison-liknande gitar, hammondorgel og gospelkor. Nydeleg!

Han avsluttar med platas magnum opus, “God Like The Sun” er det næraste vi kjem ein countryrockopera på fire minutter. No er ikkje det akkurat Meat Loaf eller noko sånt (utruleg at den mannen bygde ein karriere på eit genialt album, “Bat Out Of Hell”. Og aldri leverte noko av verdi etter det.) Jimmer derimot leverar kvar gong han får/tek sjansen.

Årets utgåve er med flotte, til dels surrealistiske tekster og eit genuint, ekte og særprega lydbilete som dreg linjene attende til midten og slutten av 80-talet. Og med dette har Podrasky allereie i januar levert ei av årets beste plater.

(Debutplata til The Rave-Ups, “Town & Country”, har elles nyleg fått ei etterlengta nyutgjeving.)

Kan kjøpast her: Bandcamp

Denne artikkelen er  tidligere publisert i spalten «Platearbeidaren» i Firdaposten 24.01.17 til terningkast 6 og er gjengitt med tillatelse.

NO COMMENTS

LEAVE A REPLY