Frem Fra Glemselen: Jason Isbell & The 400 Unit (2009)

Oppfølgjaren til den fine ”Seasons Of The Ditch” frå 2007 følgjer same oppskrifta som forgjengaren. Drive-By Truckers-lydande sørstatsrock, soul, alt. country og jaggu dukkar arven etter Neil Young opp her og.

Høgdepunkta står i kø, men det er vi jo vande til når Drive-By Truckers på ei eller anna måte er involvert. Jason Isbell hoppa som kjend av bandet og debuterte i 2007 med før nemnde plate.

Og andreplata til Isbell toppar galant debuten. Ikkje for at debuten eigentleg hadde nokon svakheiter, det er berre det at denne plata treff meg so inderleg, nemnde i ei melding tidlegare i år at eg gleda meg til å høyre plata som klarte å toppe den plata. Eg trengde ikkje vente så lenge.

Å gå inn på enkeltlåtar her er for meg totalt unødvendig, her finst ikkje eit einaste unødvendig spor. Og for liksom å sette krona på verket, då denne plata blei annonsert på Isbells Myspace-side kunne ein bestille plata på vinyl, signert av heile bandet.

Så no sit eg her då, den første nye vinyl-LP’en eg har kjøpt på eg veit ikkje kor lenge. Dobbel-LP med utbrettcover, det er nesten ein erotisk, for ikkje seie nevrotisk oppleving.

Det spørst no om ikkje lista for oppfølgjaren til fjorårets DBT-utgjeving no ligg veldig høgt. No kjem det ikkje så vidt eg veit noko ny DBT-plate i år, men dette er den første med tilknyting til bandet. Om ikkje lenge dukkar den nye plata til Booker T. Jones opp der han blir backa av DBT og i sommar kjem Patterson Hood ut med si andre soloplate.

Denne artikkelen er  tidligere publisert i spalten «Platearbeidaren» i Firdaposten 20.03.2009 til terningkast 6 og er gjengitt med tillatelse.

LEAVE A REPLY

Please enter your comment!
Please enter your name here