Hjerteslag – Møhlenpris Motell

Glimrande bergenske hjarteslag

Yeah right! Akkurat det vi treng meir 80-tals-nostalgi. Kunne eg ha skrive. Eller, endeleg fortset eit band det beste av bergensrocken frå 80-talet. Som Gjennomslag (har du ikkje høyrt «Klare Linjer» har du ikkje levd) og Alle Tiders Duster (her treng eg berre å seie «Lillegutt»). Med hint av John Olav Nilsen & Gjengen. Og 80-tals postpunk.

Etter to glimrande singleutgjevingar (skikkelege, på vinyl) og eit godt rykte som konsertband, er dette ein etterlengta debut.

«TV-spill» har det litt lett, desperate uttrykket til Dustene. Over gjennomsnittet tempo. Energisk. God tyngde. Litt Joy Division-stemning. Flott vokal på klingende bergensk. Litt vimsete.

Meir flytende og laus vokalfrasering på «Romvesen», men høgare driv og tempo. «Kom igjen ta et svingslag på meg, eg vet at eg trenger det», tekstane er flotte og er stødig levert.

Dei er tyngre og råare på «Snurrer Rundt». Rett og slett som ein oppkjeftig og tøffare utgåve av britiske The Libertines. Som ein bergensk fetter av Pete Doherty. Musikalsk.

«Sammen Alene» er meir sommarlett. Nesten funky, og her kjem den uunngåelege The Cure-samanlikninga. Ikkje det at det er noko gale med det. Å likne på The Cure, altså. Av og til.

Tyngre, mørkare og lengre blir det på «Bryllupsplaner og AFL». Rett og slett ein meir desperat stemning. Eigentleg ikkje så langt unna John Olav Nilsen.

«Linedanser» er den første balladen du høyrer med opninga «Kleopatra med et balltre». Ein roleg og nydeleg låt med eit alvorleg tekstinnhald. Med ein resignert eg-person.

Dei tek for seg meir av Bergens nære musikkhistorie på «Undergrunn». Her tek dei opp at arven etter The Aller Værste. For ikkje å seie Razika og Fjorden Baby! Det er uansett ska som gjeld. På ein god måte.

møhlenpris_hjerteslag«Papirsvaner» er streitere og meir direkte høgtempo rock. Og, synes eg då. Leverer tekstlig så det holder. Her går det i det , følgjande: «En to tre, alle rullegardiner går ned, alle rullegardiner går ned, og skyter piler i mørket». Skal ikkje påstå at eg skjønar alt av tekst på plata. Men det høyrast i kvart fall veldig bra ut.

Og ein kan ikkje klage på at plata mangler assosiasjoner til gode ting, «Lasaronens Vår» får meg til å tenke på The Clash sin midtperiode.

«Permuniform» avsluttar plata. Og er platas mest episke og breiale låt. Roleg i byrjinga, litt som Velvet Underground. Men så tar det av, litt som 90-tals emoheltane Seigmenn. Med den store forskjell at Hjerteslag er bra. Eller litt som før nemnde Alle Tiders Duster. Velg sjølv.

Uansett heilt glimrande, og det gjeld heile plata. Hjerteslag innfrir rett og slett alle forventningane.

HjerteslagSpotify

Denne artikkelen er  tidligere publisert i spalten «Platearbeidaren» i Firdaposten 13.04.15 til terningkast 5 og er gjengitt med tillatelse.

LEAVE A REPLY

Please enter your comment!
Please enter your name here