Tina Refsnes – No One Knows That You’re Lost

Den vellydande debutplata til den Oslo-baserte Florøaartisten Tina Refsnes er spelt inn i Canada, men høyrest ut som om den har sitt opphav frå den motsette sida av det amerikanske kontinentet, California.

Debutplata er ei oppvising i god låtskrivarkunst, den gjer ikkje så mykje av seg. Men gjer det likevel. Det er stort sett gjennomgåande nydeleg, elleve nyansar av vellyd. Og eit vell av nydelege melodiar.

Plata opnar med “I Don’t Know”, det er nok platas nest mest uptempo låt. Den gir meg assosiasjonar til Suzanne Vega og Joni Mitchell. «Leave This Heart» tek det heilt ned, kompet liknar litt på det som Tom Waits hadde på førsteplata. Utan samanlikning elles. Bortsett frå at “Closing Time” er mannens vakraste plate.

Det blir på ein måte endå rolegare på “Upside Down Clouds”. Men likevel ikkje. Refsnes byrjar no å demonstrere den gode, sterke stemma si i endå større grad. Det blir til tider særs vakkert.

tinaref2“The Heart Wants Its Way” gjer det endå rolegare. Sjølv om den er meir enn nok instrumentert. Med både slagverk, elektrisk gitar og piano. Men likevel nedpå og var. Nedpå er for så vidt òg “Put It Away”. Men ikkje så var. Større plass til pianoet og større vokal med pålagte fine koringar.

“Alaska” er tydelegvis ein hyllingssong til den amerikanske delstaten. I så høve den finaste eg har høyrt sidan Michelle Shocked si “Anchorage” frå 1988. Shocked er elles kjend for noko heilt anna no til dags, dessverre. Uansett, platas beste låt.

Platas mest uptempo låt er “Spoilt Rotten Blues”. Som ikkje er verken bortskjemd, roten eller blues. Men derimot nok ein nydeleg poplåt. Rett og slett.

“Told” derimot er ikkje mykje uptempo. Meir halvvegs på temposida. Men heile vegen god melodi og nydeleg vokalarbeid.

Like roleg kan ein fastslå at “City City” er. Sjølv om den aukar litt i volum mot slutten. Platas eigentlege einaste bagatell.

“A Million Things” er det ikkje mykje bagatell over. Ei var byrjing som blir bygd opp mot ein fin slutt. Innimellom får vi ein god låt med enno meir gåsehudfremkallende vokal. Storslagent på Refsnes sin særeigne måte.

Ho avsluttar med balladen “Song About Trust”, med piano og cello. Sakte malende ut i haustmørket. Nydeleg.

Tina RefsnesSpotify

Denne artikkelen er  tidligere publisert i spalten «Platearbeidaren» i Firdaposten 07.11.15 til terningkast 5 og er gjengitt med tillatelse.

LEAVE A REPLY

Please enter your comment!
Please enter your name here