Lillian Samdal – Fire Vintrar

Herleg, høgstemt og akustisk

Den største overraskinga eg har høyrt på veldig lenge, kjem frå Fjaler. Samdal er utdanna kunstnar ved Kunst- og Designhøgskulen i Bergen og Manchester Metropolitan University. Musikalsk bakgrunn har ho i kretsen rundt Sondre Lerche, Hans Petter Gundersen og Kato Aadland. Sistnemnde produserer i sitt studio Fort Knox på Havnelageret i Bergen. Fire Vintre blei etterkvart resultatet etter at ho starta å lage låtar i 2009.

Og for ei plate dette er blitt. Den høyrdest faktisk ganske snål ut første gongen. Men det gjekk over i noko heilt anna.

«Alt» opnar plata litt famlanda. Med piano, trekkspel, nykkelharpe, kontrabass, gitar. Og med litt atonal vokal. Ganske lågmælt, med stemma som berande kraft. Og det veks. Dei legg til litt forsiktig perkusjon på «Dagar». Og lar stemma verkeleg komme til sin rett. Ei stemme som tålar briljering.

«Vise» har ei kort stund noko som liknar på rytme og driv. Utan at eg saknar det, intensiteten i uttrykket elles gjer dette meir enn nok interessant. Teksten her er elles av det morbide slaget. Har ho latt seg inspirere av samfjaling Jakob Sande?

22NYH_01-01-12080096_1004965552880754_1962313742051361780_oDer er større melodiøsitet på «Smal Reim». Og igjen lar ho stemma gjere mykje av instrumentarbeitet her. I tillegg til at den høyrest ut til å vere rikt instrumentert. Platas så langt beste låt.

«Vatn Ved Ei Bru» går meir jazzvegen. Og eg må berre spørre, endå ein sunnfjording som vil ha tog til fylket? (Ref: Steinar Karlsen «Tog Til Sunnfjord»).

Den første klare folkemusikk-låten kjem med «Tung Av Snø». Men også samstundes den låten som er farga av innspelingsstaden Aadlands Fort Knox, Bergen. «Ting» roar det heile ned. Men den er ganske dronete og intens likevel. Den høyrdest faktisk ganske snål ut første gongen. Men det gjekk over i noko heilt anna.

Sjølv om utgangspunktet på «Innfall» er visesang, blir den etter litt oppbygging ganske storslått. Med nydelege koringar. «Gjennom Vinteren» byrjar med eit nakent piano, og ei naken stemme. Og i den grad ein på denne plata kan seie rulle ut kavaleriet, gjer dei det her etter kvart. Lett kavaleri vel og merke. Tandert og pent.

Fuglekvitter og ein akustisk gitar opnar «Ei Lukke». Ei låt med fokus på nydeleg vokal og koring.

«Så Lang Er Vegen» avsluttar denne herlege plata. På vegen på Vestlandet, on the road again. Med passelege dosar folkemusikk, ein slags americana. Langsamt, dvelande. Nydeleg vokal. Og kjensla av sakte, men sikkert nærme seg målet. Ein fin og var avslutting. Særs passande.

Kjøp Fire Vintrar her – Tigernet

Denne artikkelen er  tidligere publisert i spalten «Platearbeidaren» i Firdaposten 21.10.15 til terningkast 5 og er gjengitt med tillatelse.

 

SHARE
Forrige artikkelThe Yawpers – American Man
Neste artikkelSteve Forbert – Compromised
Musikkfanatiker. Platesamler. Mislykka musiker. Musikkskribent på hobbybasis. Forhenværende fluefisker. Uføretrygda pga MS. Skriver for Firdaposten.no

1 COMMENT

LEAVE A REPLY

Please enter your comment!
Please enter your name here