Good Time Charlie – Jubel og Skrubbsår

Knapt to år etter si førre barneplate Draumeblues Og Blåsus, er dei her igjen. Og sjølvsagt er det lurt å følgje opp eit populært konsept, smi medan jarnet er varmt.

Årets utgjeving skil seg ikkje nemneverdig frå 2012-utgjevinga når det gjeld kvalitet. Forskjellen er at der dei ved førre krossveg berre laga halvparten av melodiane sjølve, står dei denne gongen bak all tekst og musikk. Og som sagt går ikkje det ut over kvaliteten.

Til liks med førre gongen går dei heller ikkje her på akkord med seg sjølv. Det er bandets etter kvart umiskjennelege rhythm’n’blues som framleis gjeld.

Høg allsongfaktor allereie frå byrjinga i den raske “Hei, Gamle Ven“, gåande blues i “Rotekonge”. Meir streit rock i “Stilig Stil”. Ein låt eg innbillar meg har høgt allsangpotensiale. “Hytteboogiewoogie” slår eit slag for bygging i trær. Boggie Woogie med godt munnspelarbete frå Hjelmeland. Mykje rop og svar på “Forelska”. Og fornekting. Ein litt halvtung veldig leikande blueslåt. Igjen med høg allsongfaktor.

“KenGuru” har platas mest absurde tekst. Og mest utypiske tonefølgje. Litt sånn Harry Nilsson-bossanova. Dei høyrast ut som ei blanding av seg sjølv i byrjinga av karrieren og DumDum Boys på “Kjøpedilla”. Faktisk. “Båt I Hagen” er heilt nede, dei er meir hoppande i “Napp”. Dei to sistnemnde med saksofon som løftar båe låtene. Og eit nydeleg orgel på førstnemnde.

“Sjef” er endå meir gåande blues med tillaup til rop og svar-vokal. Halvtempo, melodiøs rock er behaldninga på “Fri”. Med flott bruk av barnestemmer, orgel og munnspel. Og ei god avslutting på plata. Som er ei god barneplate. Og ei god Good Time Charlie-plate.

Det er godt å høyre at bandet er like seriøse uavhengig av publikum.

Denne artikkelen er  tidligere publisert i spalten «Platearbeidaren» i Firdaposten 03.11.15 til terningkast 5 og er gjengitt med tillatelse.

SHARE
Forrige artikkelSteve Forbert – Compromised
Neste artikkelWoody Pines – Woody Pines
Musikkfanatiker. Platesamler. Mislykka musiker. Musikkskribent på hobbybasis. Forhenværende fluefisker. Uføretrygda pga MS. Skriver for Firdaposten.no

LEAVE A REPLY

Please enter your comment!
Please enter your name here