Steinar Karlsen – Tur

Karlsen er ute ned si andre plate i løpet av kort tid. Den førre, Tog Til Sunnfjord, kom i september. Til liks med denne kom også den på vinyl. Om enn i noko komprimert utgåve på sju tommar. Med berre eit fåtall av låtane. Karlsen kjem med enno ei plate i år, som ein del av Good Time Charlie. Dei gir då ut si andre norske barneplate.

Men no er det sjølvsagt Karlsen si fjerde soloplate, Tur, som gjeld.

«Dromedar» blei til etter å ha observert nemnde dyr under ein tur til Egypt. Ein smygande og roleg låt med eit snev av arabiske undertonar, kanskje takka dromedarmelodiorgelet?

Då er det litt meir tak i «Jordplog». Litt meir mystisk, mørkare, litt meir Link Wray. Med endå større bredde i instrumenteringa. Mykje orgel, litt piano.

«Riksveg 7» er den låten som vel er tydeligst inspirert av mannens utstrakte turneverksemd og køyring over Hardangervidda. I tide og utide. Litt kjappare og prega av rastløyse og lengta etter opne vegar. Og opne landskap, igjen Karlsen sine gitarar supplert av tangentar i ymse formar og fargar. Ganske så suverent eigentleg.

steinar_karlsenKarlsen og bandet innvilgar seg ein liten pause på «Naken». Platas til no rolegaste låt. Men dei leikar like mykje her med instrumenta sine sjølv om det går saktare. Bluesgitaristen Karlsen dukkar skikkeleg opp her.

«Skurk» aukar igjen tempoet og dramatikken. Med sin sambafiserte takt og strykarar får eg assosiasjoner til ein film om ein slesk gentlemansforbrytar. Som til slutt møtar ein ublid skjebne.

Det virker å være oppbrudd og retningsskifte på «Ull». Ein litt garasjeprega låt med eit farfisaorgel i botnen.

«Skodde» tek ein litt ny retning. Med si rolege orgelopning og atmosfæriske strykarar. Og etterkvart bluesgitar i Gary Moore- og David Gilmour-gata. Som ikkje rørar meg noko særleg.

Då likar eg betre psykedelisk rumba frå 60-talet som i «Kråkeslåtten». Igjen ganske så suverent. Santana berre pass dykk!

«U-864» roar det heile ned og er tydelegvis lyden av 67 tonn kvikksølv liggjande på 150 meters djupne utanfor Fedje. Framført i anda til «Albatross» (Fleetwood Mac) og «Ebb Tide» (Pussycats). Ein dykkartur med andre ord, for å variere reisa.

Og då er turen komma til endes og blir avslutta med den rolege og lune «Midnatt». Med gitar, piano og kontrabass blir det nesten jazzstemning. Men likevel ikkje.

Denne artikkelen er  tidligere publisert i spalten «Platearbeidaren» i Firdaposten 03.10.15 til terningkast 5 og er gjengitt med tillatelse.

SHARE
Forrige artikkelRudi Myntevik – My Dearest Kathleen
Neste artikkelAaron Lee Tasjan – In The Blazes
Musikkfanatiker. Platesamler. Mislykka musiker. Musikkskribent på hobbybasis. Forhenværende fluefisker. Uføretrygda pga MS. Skriver for Firdaposten.no

LEAVE A REPLY

Please enter your comment!
Please enter your name here