fbpx

Mark Utley – Bulletville

Mannen med den flotte stemma gir ut sin andre soloplate, berre litt under to år sidan debuten. Og til liks med Four Chords and a Lie er det meir tradisjonell countrymusikk som gjeld. Tradisjonell som til dømes George Jones, Merle Haggard og Willie Nelson. Men også eit av dei siste åras stjerneskot innan sjangeren, Sturgill Simpson.

Sistnemnde fornyar heller heller ikkje sjangeren. Men både han og Utley sørgar for fornya interesse og vitalisering av tradisjonell countrymusikk. Årets plate har 10 sjølvskrivne og ein coverversjon. Sistnemnde er den nydelege “Bluebird” av Great Peacock som avsluttar plata. Og mellom byrjinga og denne er det veldig mykje å glede seg over.

“Good Timin’ Girl” tusler det heile i gong. Ein luntande fin countrylåt med fine steelgitardetaljar og korarrangement. Og diskret piano. Det held seg nedpå i “Wish You Were Her”, ein litt twangy countryballade. Med dei rette ingrediensane, mellom anna piano og eit godt og langt kjenslevart sologitar-parti.

“Remember to Forget” går ned honky-tonk-vegen. Med piano og steegitar. Det ligg ei klar meining bak det som gjørast her. Og det høyrast veldig riktig og solid ut. Det seier seg sjølv, går ein attende til honky-tonk er vegen heller ikkje long til “Firecracker” sitt rockabilly-inspirerte lydbilete. Med Renee Frye (frå Magnolia Mountain) aleine som vokalist. Og totalt sett ikkje så langt unna dette Carlene Carter vart kjend for her på 90-talet. Eit lite fyrverkeri av ein låt.

“Honey, I’m Home” er Utley attende i godstolen og ballademodus. Og i crooner-hjørnet. Med nydeleg koring frå Frye. Med ein tittel som “Jesus Wept” seier deg seg sjølv at vi er dypt inni honky-tonk-terrenget til Merle Haggard og George Jones. Og låten er av ein sånn kvalitet at den ikkje hadde skjemt seg ut i repertoaret hjå begge desse kjempene. “Only In Our Minds” er nok ein ballade. Men med klare innslag av doo-wop-ballade. Og i nydeleg duett med Frye.

Tempoet aukar att i “One Heartbeat At A Time”. Ikkje så intens, men stødig, sjølvsikker og fin. Som ein fortsetting på opningslåten sju låtar sidan.

“The Only Thing” er nok ein gong attende i ballademodus. Med Frye bak mikrofonen. Med Utley sittande i baksetet. Og rett og slett nydelege strykarar. Bluesy gitar, piano og orgel køyrar i gong “Four In The Morning”. Og er nok den låten som ligg nærast Magnolia Mountain. Utan at det gjør noko.

Og den leiar fint opp til før nemnde “Bluebird” av Great Peacocks som avsluttar plata.

Årets utgjeving Cincinnati-karen visar at leverar solide sakar. Uansett om det er solo eller på ein av dei fire Magnolia Mountain-platene. Mannens sjette plate visar uansett ikkje slitasje på hans evnar som låtskriver.

Denne artikkelen er  tidligere publisert i spalten «Platearbeidaren» i Firdaposten 22.05.15 til terningkast 5 og er gjengitt med tillatelse.

Siste artikler

Lest dette?