Bohannons – Black Cross, Black Shield

Eg har eigentleg kvidd meg litt til denne plata. Grunnen er sjølvsagt at eg vil samanlikne den med deira førre plate, «Unaka Rising» frå 2012. Ei plate dei fleste andre (plater) fell i gjennom mot. Legg til at den plata, av diverse årsakar, framleis betyr veldig mykje for meg. Så fallhøgda var veldig høg. Galdhøpiggen-høg. Men hadde eg grunn til å uroe meg?

Dei opnar tungt og trugande med «Black Cross, Black Shield». Ein låt som kvernar og kvernar på. Og kvernar. Som aldri gir deg den forløysande kjensla du lengtar etter. Dei helder heile tida litt igjen. Du slepp aldri heilt laus. For min del heilt greit. Eg er uansett ganske fastlåst i utgongspunktet. Som ei blanding av black metal og sørstatsrock. Eller ei blanding av Mötorhead og Neil Young som eg las ein stad. Du skjønar teikninga.

«White Widow» gir forløysinga den første låten ikkje ga. Her er tempoet høgare, lydbiletet lausare. Og sologitaristen Matt Bohannon slepp laus og sett til tider fyr på låten. Reinaste poplåten i høve til opninga. Legg til at dei tillegg brukar koringar med godt hell. Måten dei nesten ubemerka glir over i neste låt, «Eyewitness Blues», og fortset auset der gjør at eg kjenner kvifor eg elsker dette bandet. Ikkje så mykje blues, meir 13th Floor Elevators og Roky Erickson.(det høyrast jaggu ut som Terry Hall stikk innom med brennevinsmugga si i nokre sekund) Heftig trøkk, fine gitarriff.

«Love Stunt» er ein ballade som berre kan gjørast av gjengen frå Chattanooga. Sjølv om den ikke virker som ein ballade. Til det blir tempoet for høgt. Men gåsehudfaktoren er der og den brennande gitaren til Matt Bohannon.

Vi får ein skikkeleg ballade med «Dias De Las Muertas (Days Of The Dead)». Med noko så uvanleg i Bohannons-samanheng som eit piano. Og ikkje det ein kan kalle ein standard ballade. Det er på alle måtar mørkare i verda til Bohannons. Både i tekstane og musikalsk. Og plata her handlar om døden. Ikkje kor forferdeleg den, men det motsatte. Dødens skjønnheit. «Death And Texas» held tempoet nede og intensiteten oppe. Ei oppvising i klassisk balladeri med hjartet og gitarsoloane liggande utanpå skjorta. Og litt småpent piano mot slutten.

Matt tek over som vokalist på «Darkest Night». Og dreg i veg i ein litt meir 60-talspsykedeliaretning. Ikkje av bandets mest opptråkka stier. Men det fungerer for dei dette, óg. Gjett om det funkar. Med flott keyboard- og orgel-arbete. «Lightning And Thunder» beheld Matt bak mikrofonen som hovudvokalist. Låten byrjar nokså roleg og fint. Som eit litt sedat Crazy Horse. Men frykt ikkje, eller kanskje det er det ein burde. Dei dreg i kvart fall i veg noko ofsleg. Matt lar vokal være vokal. Og leverar etter kvart på alle måtar platas heftigste gitararbeid. Og for å seie det sånn, «Cold Rag» er ikkje lyden av eit band som mildnar. Snarare tvert i mot. Plata blir berre meir kompromisslaus. Dei går ut med det som høyrast ut som ein blanding av The Stooges og Grunge. Tungt og seigt.

«Red, White, Black And Pale» avsluttar plata og er nok i utgongspunktet litt rolegare. Men berre tanken på det blir avfeia i det leigesoldat Jimbo Mathus tek munnspelet fatt. Ein får rett og slett inga roleg og harmonisk avslutting med denne plata. Det einaste ein eigentleg kan gjøee er å spele den igjen. Og igjen. Og igjen. Og etter å ha gjort akkurat det ein stund, merkar eg at ein kan finne på langt verre ting å gjere enn akkurat dette. Så for å ta tak i spørsmålet i byrjinga, nei eg hadde inga grunn til å uroe meg. Bohannons har laga eit monster av ein oppfølgjarplate.

Denne artikkelen er  tidligere publisert i spalten «Platearbeidaren» i Firdaposten 29.03.15 til terningkast 6 og er gjengitt med tillatelse.

Albumet fås kjøpt på Bandcamp.

1 COMMENT

LEAVE A REPLY

Please enter your comment!
Please enter your name here