Texum – Texum

I 2007 ga Texum med «Different Strokes For Different Folks» ut ein av tidenes beste norske countryrockplater. Eg har lurt mang ein gong på kvar Bård Sande og bandet blei av. Vel, det tok nesten åtte år før oppfølgjaren kom.

Og om den ved første lytting skuffa litt, gjer den ikkje det etter ei stund. For den største forskjellen i høve til forgjengaren er fråværet av steelgitar. Og der låg den opphavlege nedsida for meg. Men det ordnar seg fort når plata startar. «It Don’t Mean A Thing» slår i så måte an stemninga. Eit fint kjøleg, roleg westcoast-lydbilete. Som ei blanding av Sky Blue Sky-Wilco og The Band med litt klarinett.

Dei aukar tempoet med «Changed My Ways». Mykje same sjangeren som opningslåten. Men raskare. Og med eit herleg orgel nærast som hovudinstrument. Med flotte gitarbroderier heile vegen. «Pink To Gray» ligg det heile flatt. Igjen med orgelet i førarsetet. Og litt forsiktige hermetiske trommer, igjen med kjenslevare gitarar. Der denne låten var fargelaus og grå i kraft av ein sjølvstendig forsmak på denne plata, fremstår den her med eit heilt anna fargespel som ein del av albumet.

Det blir litt meir fart med «Lullaby». Igjen med eit solid orgelspel og nydeleg koring. Nok ein gong i The Band-gata. Godlyd som gjev deg den gode kjensla (feelgood?). «It» avsluttar side ein på denne plata, og skil seg litt ut. Tempoet er framleis lågt, men den er meir funky og groovy. Med bass og trommemaskin frå Lars Lien. Og meir klarinett.

Side to opnar med eit litt høgare tempo, «Dead Sound Guys» er ligg på den litt meir livate sida. Litt smågroovy sørstatssoul. Og nok ein fin dimensjon til denne plata «Changed» ligg litt i same gata som forgjengaren. Men litt meir trykk, og eit refreng som i denne samanhengen formeleg eksploderar.

Vi er attende i Sky Blue Sky-Wilco-land på «Take The Time». Litt småslentrande halvtempo rock med eit refreng som opnar opp låten litt. Og skriv eg Wilco-inspirasjon tenker eg på dei Nels Cline-liknande gitarløpa. «Northern Summer» opnar opp plata med høgare tempo og flott refreng, samstundes som den stenger plata. Eg veit ikkje om denne plata som er miksa av Ryan Freeland (Bonnie Raitt, Son Volts, Rodney Crowell, Hugh Laurie, Aimee Mann) og mastra av Gavin Lurssen (Steve Wynn, Punch Brothers, John Mellencamp, Foo Fighters, for å nemne nokre svært få er ei fortsetting på plata frå 2007, eller eit comeback. Det er uansett ei sterk og flott plate. Med eit i over gjennomsnittet flott og informativt platecover. I alle fall på vinylutgåva. Og når no Texum har livna til igjen, kan vi forvente meir americana frå Midt-Norge? Som nye plater frå Scarecrows (4 plater mellom 1995 og 2003) og Bönkers (3 plater mellom 1997 og 2009)?

Denne artikkelen er  tidligere publisert i spalten «Platearbeidaren» i Firdaposten 12.02.15 til terningkast 5 og er gjengitt med tillatelse.

 

SHARE
Forrige artikkelGurf Morlix – Eatin’ At Me
Neste artikkelFersk single fra Logikal: Brand New Start
Musikkfanatiker. Platesamler. Mislykka musiker. Musikkskribent på hobbybasis. Forhenværende fluefisker. Uføretrygda pga MS. Skriver for Firdaposten.no

LEAVE A REPLY

Please enter your comment!
Please enter your name here