Tenderleaves – Dreamweaver

Etter ei forholdsvis mangslungen og evolusjonerande platekarriere, er no sørlandsbandet attende til starten.

Dei er her redusert til ein duo igjen, Even Øygarden og Geir Kongshaug, førstnemnde si stemme læt framleis fantastisk. Den er framleis gruppa si store behaldning. Saman med den denne gongen meir neddempa musikken, med eit totalt fråver av slagverk, kjem den endå meir til sin rett. Det går stort sett sakte, fint og harmonisk frametter heile vegen.

«(I’ll Take That) California Blues» startar denne fine plata og her er vi i Fleet Foxes-land. I den tilbakelente delen. Fin kontemporær vellydande indie-americana. Dei går pianovegen på «Norwegian Moon». Med bakteppe av akustisk gitar og synth. Smakfullt og lågmælt. God vokal og nydeleg koring.

«Cloverfields» går i ei meir sakral retning i byrjinga. Den blir løyst opp av strykarar og gitarar. Og snik seg frametter med ein flott melodi og nydeleg refreng. Dei ligg framleis nedpå på «Dreamweaver». Med strykarane i ei meir fremtredeade rolle. Vel, fremtredande og fremtredande. Det er roleg og behagleg. «Fearless Human Beings» får med sin akustiske gitar og sobre piano nesten meg til å kveppe til litt. Men den Simon & Garfunkles-inspirerte låten blir litt for kort. Den skulle vore lengre enn eit og eit halvt minutt. Pianoet er igjen i førarsetet på «Part Of Her». Med fint følgje av akustisk gitar og strykarar. «Remember November» er uptempo i stilen. Med etter forholda tatt i betrakting ganske aggressive gitarar. Men dei losar det fint på plass med piano og etterkvart strykarane.

Det blir roa kraftig ned att på «How Shall My Heart Desert You». Pianoet leiar oss varsamt mot slutten. «Make Believe» fortset den turen. Men med med eit tandert orgel, akustisk gitar og bass. Og nydeleg vokal. Som fortset på avsluttinga «Hello Little World».

Men denne gongen med eit litt større lydbilete. Ført fram av den etter kvart nydelege koringa og strykarane. Men dei landar til slutt på ein fin og harmonisk måte.

Gruppa har med si femte plate nok ein gong levert eit solid stykke arbeid. Den er riktignok for meg eit hakk ned frå «Sylvartone». Men eg trivst framleis godt i selskap med Tenderleaves. Og eg unnar fleire å oppdage denne sørlandsduoen.

Denne artikkelen er  tidligere publisert i spalten «Platearbeidaren» i Firdaposten 03.02.15 til terningkast 4 og er gjengitt med tillatelse.

LEAVE A REPLY

Please enter your comment!
Please enter your name here