Dig Deeper – How You Spend Your Days

Plate nummer to frå det bergensbaserte bandet held fram i same høge kvalitet som på plata frå 2012, «August Afternoon». Men ikkje heilt i same leia.

Denne gongen har dei bevega seg litt fram i tid. Til 90- og 2000-talet. Ikkje så ulikt amerikanarane Built To Spill og i følgje dei sjølve, The War On Drugs. Utan at dei er i nærleiken av å vere så kalkulert og preparert som sistnemnde. Sleng også inn Crazy Horse, Grateful Dead, Paisley Underground og Television, så har vi dekka inn det meste.

Dei går breibeint ut med «April Haze (How You Spend Your Days)». I det flotte herlege lydbiletet som er lett gjenkjenneleg frå debutplata. Gitardrive med eit vell av detaljar. Det er berre å la seg overvelde med ein gong.

«May 3rd», gitt ut som vinyl-single i fjor, har ein flott melodi. Og er litt rolegare. Med mykje fine gitarlinjer. Litt meir ettertenksam i uttrykket. Og milevis frå det ein kan kalle ein hit-single. Heldigvis. Malande, majestetisk halv-tempo rock.

Baksida på singelen, «Let Me Ride», følgjer på og aukar tempoet drastisk. Og er med på å gi albumet god dynamikk. Fin låt å starte dagen med om du treng bakoversveis. Igjen med fine melodiøse undertonar.

«Dreaming With Einar» senkar igjen tempoet. Og vi får første gong bekjentskap med pianoet. Men gitarane ligg heile tida under og kontrollerer det heile. I det du tykkjer det blir for fint og harmonisk, bryt dei overflata og set skapet på plass.

Pressebilde lite

Pianoet dominerer også «Tracks». Eit piano med ein svak hint av Roy Bittan, om du skjønar kva eg meinar. Og det er på mange måter bruken av piano som gjer denne plata så stor. Ein solid låt med tempo over gjennomsnittet.

«Push It Away (Part 2)» blir som eit mellomskjer å rekne, ikkje eit kvileskjer. Dei 96 sekunda blir gjort unna i høgt tempo. Som eit tverrsnitt av plata. Akustiske og elektriske gitarar. Piano, mininimal melodi. Og nei, eg veit ikkje kvar part 1 er å finne.

Og når vi nærmar oss slutten tek vi ein liten omveg innom ørkenrocken med «Cast No Light». Sjølvsagt læt det like suverent og majestetisk. Og igjen slår det meg at dette ALBUMET ikkje imponerte meg i byrjinga. Men etter å ha høyrt det over 20 gongar er det nettopp det eg er. Imponert.

«Time Trails» avsluttar plata, i eit etter resten av plata, roleg landskap. Med eit herleg samspel mellom piano og sologitar. Og etterkvart eit flott orgel.

Og om du ikkje har skjønt det, dei tangerer glatt debuten frå 2012. Berre det i seg sjølv er ein prestasjon.

 

 

Denne artikkelen er  tidligere publisert i spalten «Platearbeidaren» i Firdaposten 23.01.15 til terningkast 6 og er gjengitt med tillatelse.

2 COMMENTS

LEAVE A REPLY

Please enter your comment!
Please enter your name here