Tenderleaves – Sylvartune

Det verkar som om Tenderleaves har stoppa opp ein stad på vegen, kutta ut plateselskapet, trekt pusten djupt og starta på nytt. Frå det utgangspunktet dei hadde på den fantastske debuten frå 2010. Eg må innrømme at sjølv om dei to på følgjande platene fall godt i smak hjå underteikna, følte eg at dei gjerne blei litt vel svulstige etter kvart. Men det gjer dei då noko med her.

Den litt merkelege tittelen har si naturlege forklaring, plata er nemleg innspelt i H.T. Bjørgums sølvsmie/folkemusikkmuseum Sylvartun, i Rysstad, Valle. Spelt inn live med Otras fossefall i bakgrunnen.

Fossen høyrar eg ikkje så mykje til, men lydbiletet er behageleg. Enkelt, men samstundes detaljrikt og dynamisk.

Skjønte det eigentleg på opningslåten «One Day With You», uptempo soulrock med eit brusande orgel. Jordnært og rett i andletet. Suveren opning. «Ride The Wave» roar litt ned. Litt halvtempo vestkyst soulrock, med flotte smakfulle strykarar. Dei roar det endå meir ned på «Free World». Gir strykarane endå større plass, rett og slett nydeleg, smektande soul. «School Of Americas» er for så vidt tilsvarande roleg, men meir nakent i lyden. Akustisk gitar som hovudinstrument. Og Even Øygarden si fantastiske stemme i fri utfolding. Der er han saman med Geir Kongshaug, som er grunnstammen i bandet. Og dei har no samarbeidd i 15 år.Men då er det på tide å auke trykket litt, «You Never Knew Me» aukar tempoet. Drar fram att strykarane og gitarane med eit ørlite snev av The Edge og U2. Men slett ikkje sånn at det er plagsamt.

«Big Dipper Riding» er ein fin slentrande låt. Med eit trekkspel lurande i bakgrunnen. Dei vaknar litt opp att på «Don`t Go Dancing» med eit sprettent, fengjande gitarriff i introen. Ein flott låt med folkrockkjensle. Atter ein gong med flott orgelspel. «Forever Is A Long Time» opnar vart med ein akustisk gitar. Med hjelp frå strykarar keyboards, forsiktige trommer og tilbakehaldande gitarar, blir alt lagt til rette for platas finaste vokalprestasjon. Og når vi no nærmar oss slutten på plata, er det på tide å få opp farten, «Better Than Them» sørgjer for det. Som ein litt rolegare og avmålt utgåve av The Gaslight Anthem. «Lerka» avslutter plata på norsk, og i utgangspunktet tykte eg det høyrdest rart og feil ut. Men den nydelege, rolege låten viser berre at dette fungerer like godt både på norsk og engelsk. For ein god låt er ein god låt uansett.

Og som vi etter kvart er blitt vande med leverer Tenderleaves gode låtar på løpande band. Det er det vi treng, uavhengig av innpakkinga. Men med begge ting på plass blir det berre flott.

Denne artikkelen er tidligere publisert i spalten «Platearbeidaren» i Firdaposten den 13.03.2014 og er gjengitt med tillatelse.

LEAVE A REPLY

Please enter your comment!
Please enter your name here