Platearbeidarens oppsummering 2013 – 35 Norske

Platearbeidarens årsoppsummering 2013 – 35 norske plater som kunne vore på topp 10, og ei som er det.

Vår venn og kollega litt lengre nord på Vestlandet, Roald «Platearbeidaren» Hansen fra Florø, er en av de skarpeste vi kjenner på norsk musikk. Når han nå presenterte sin oversikt over sine 35 norske favorittplater fra 2013 i Firdaposten, måtte vi bare poste den her på Dust of Daylight også slik at flest mulig skal få se det utrolige mangfoldet som faktisk finnes blant norske artister der ute. Alle de 35 albumene som er nevnt i artikkelen, har alle fått sin egen platemelding i Firdaposten og det er linker til disse så du kan lese om hver enkelt og lenke til Spotify så du kan lytte. I tillegg oppfordrer vi at alle til å kjøpe musikk av norske artister, enten som digitale eller fysiske formater, eller begge. Denne artikkelen ble første gang presentert via Firdaposten og distribuert via Origo, onsdag 18.desember og er gjengitt med tillatelse – link til originalpost her: Platearbeidaren – Norsk musikk 2013 (Red. Jan)

Halden Electric - Women

Det var ei norsk plate som nådde opp på mi topp 10-liste i år: 6. Halden Electric “Women”
– Årets beste norske plate er for sikkerheits skuld dobbel. Låtskrivar, vokalist og gitarist Anders Svendsen fekk i samarbeid med produsent Freddy Holm skrudd saman eit meisterverk. Platemelding Spotify Kjøp CD

Resten følgjar nedenfor utan nokon plassering. Du kan lage di eiga. Men moro var det lell!

Elias Akselsen “Sanger Jeg Har Møtt” – Ein norsk urkraft frå Finnskogen alle musikkinteresserte har godt av å høyre. På årets plate syng han kjende både norske og svenske viser, nokre religiøse klassikarar, mange som har vore brukt rundt bålet gjennom generasjonar i den gudfryktige slekta hans. Platemelding
Spotify

Anders Bjørnvold StorkarAnders Bjørnvold “Storkar” – Tilsynelatande forankra i den norske visetradisjonen. Og der hadde den nok blitt værande om han ikkje hadde tatt turen til Nashville og sleppt amerikanske rootsmusikarar laus på materialet sitt. Spanande. Platemelding Spotify

Stein Torleif Bjella “Heim for Å Døy” – Bjella konsoliderar stillinga med sin tredje plate. Og levererte noko som va vel verdt å få med seg. Som vanleg med heilt glimrande lyrikk. Platemelding Spotify

Bøygard “Blågras” – På Skrindo Her er fleire kvalitetsstempel til stades. Jonas Fjeld som produsent, Chatham County Line som musikarar. Søstrene Bøygard bak mikrofonane og som låtskrivarar. Bluegrass på norsk blir ikkje betre enn dette. Platemelding Spotify

BendikBrænne_HowToFakeItInAmericaBendik Brænne “How to Fake it in America” – Platedebuterande ringrev med hjelp frå ein legende. Trur ikkje det spelar så stor rolle at Bobby Keys er med. Denne plata ville vært like suveren uansett. Ei knallsterk americanaplate. Platemelding Spotify

Cosmic Delay “Tunes of Secrecy” – Fengande låtar? Det kan du banne på! Oslobandet som her platedebuterer, blandar inn element frå alternativ rock og indiepop. Dette er ei veldig bra plate. Til tider særs atmosfærisk og kjenslevar. Platemelding Spotify

Death by Unga Bunga “You’re an Animal” – Tidsbestemte; garasjerock og 60-talsinspirert rock. Men samstundes tidlause. Med god kontroll på låtskrivinga. Platemelding Spotify

Evig Din for Alltid “Evig Din for Alltid” – Dette er blitt ei veldig flott plate. Og der mange supergrupper feilar, lykkast Evig Din For Alltid fullt ut. Platemelding Spotify

general_forsamlingGeneral Forsamling “Kjære Gud” – Fram til no har det vore ganske mørkt i jærbuen sin verd. Det er det for så vidt enno, men utviklinga med meir instrumentering frå ”Heim Te Odland” held fram på årets utgjeving. Det heile starta i kjellaren til Generalen med berre stemme og gitar. Og var rimeleg nattsvart. Svartsjuk blues. Platemelding Spotify

Gunnartoft “Tid” – Toft frå Haugesund er yngre bror av Helge og Jan Toft. Sistnemnde kjend frå Vamp, og førstnemnde som soloartist og medlem av bandet Månen. Med ein rad utgjevingar bak seg. Musikalsk oppheld han seg i eit lunt, trygt visepoplandskap. Som sagt med fine tekstar som toler å bli studert. Og som ikkje alltid er så lette og lyse. Eller varme. Platemelding Spotify

4030-Helldorado-Bones In The Closet-1319b97f1761b9d2Helldorado “Bones in the Closet” – Helldorado fornektar seg ikkje, dei fortset triumfferda frå “Sinful Soul” som kom i 2009. Og då nektar dei heller ikkje meg opplevinga av ei særs sterk plate. For det er det bandets femte plate er. Platemelding Spotify

Hovering Orville “Hello Hollow” – Stor utvikling frå singer/songwritar-debuten frå 2008. Det er ein heilt anna råskap og nærleik i lyden. Mykje meir direkte i andletet ditt. Med ein lyd som går 15 og 25 år attende. Grunge i dei råaste delane. Nærast lik Radiohead på dei rolegare og meir harmoniske partia. Radiohead medan dei for meg var relevante og interessante. Platemelding Spotify

Sigurd Julius “Sigurd Julius” – Debutplate med det han kallar vindskeiv visepop. Og det er så bra som plateselskap og presseskriv skal ha det til. Det er ikkje alltid artistar klarar å leve opp til det som står i skriva som kjem med platene. Men her blir det innfridd utan problem. Platemelding Spotify

Steinar Karlsen “Hanens Død” – Smidd over same lest som debuten frå 2011. Det vil seie instrumentalar med gitaren i sentrum. Denne gongen heilt utan vokalinnslag. Og som førre gongen er det særs autoritært og suverent utført. Platemelding Spotify

Marius_Kristiansen_Statements_120x120Marius Kristiansen “Statements”  – Suveren Rune Berg-produsert powerpop og vestkyst. Med islett av Tom Petty. Platemelding Spotify

Kvelertak “Meir” – Kvelertak opnar årets plate liggande i ein pøl av forvrengte gitarar. Eller ei prehistorisk suppe som prøvar å livne til. Og deretter blir det berre betre. Platemelding Spotify

Olav Larsen & The Alabama Rodeo Stars “Memory Lane” -Ei plate som streifar innom litt av kvart. Men som heile tida er forankra i tradisjonell country. Tradisjonell som i Hank Williams, George Jones, Gram Parsons, for å pirke litt på toppen av isfjellet. Larsen står som vanleg sjølv for vokal, gitar og munnspel. Men det som i tillegg denne gongen er med på å løfte plata eit steg høgare, er Anita Bekkeheien si vokal. Det er nesten så ein får Gram og Emmylou-fornemmingar. Platemelding Spotify

Hakan-TheTrackHakan Markussen “The Track” – Her snakkar vi om lang oppladning til ei plateutgjeving. Singelen ”Where I Usually Go” kom ut første gongen i 2005. Og etter det berre tystnad. Til i år. Den ble sleppt igjen tidlegare i år og no kjem endeleg plata vi har venta på i snart åtte år. Ei plate som består av songar han har jobba med dei siste 10 åra. Platemelding Spotify

Ni Liv “Ein Kveld Med Ni Liv” – Heile plata læt tett og fint heile vegen. Og passar like bra om du treng ein innfallsport til Ni Liv, eller for oss som har vore med ein stund: Ei suveren oppsummering. Platemelding Spotify

Endre Olsen & The Landmarks “The Endre Olsen & The Landmarks” – Den eigentlege debutplata til Endre Olsen er ei blanding av plata ”Winnetou” av Angry Wasp, og EPen ”Lenge si’ i går” frå tidlegare i år. Smart poprock med eitt snev av country. Platemelding Spotify

orango

Orango “Colonial Militia Vol. 2” – Bandets fjerde plate går endå litt vidare. Dei utviklar seg stadig og bandet frå dei to første platene er nesten ikkje til å kjenne igjen. Hammondorgelet får meir og meir plass. Pluss at bandets harmonisong blir skarpare og skarpare. Platemelding Spotify

Popgun “Violent Hippies” – Powerpop, garasjerock, psykedelia, funk? Joda, årets Popgun-plate er ei variert og dynamisk affære. Platemelding Spotify

Robert Post “The Button Moulder” – Etter at den førre plata, “Rhetoric Season One”, bestemde han seg denne gongen for å spele inn ei bandplate. Der bandet består av Robert Post. Utan at det går ut over bandfølelsen på plata. Ei plate som stadfester stillinga til Post som ein artist som leverer kvar gong han gir ut plate. Platemelding Spotify

Knut Reiersrud “Aftonblues” – Ei plate med låtar han oppdaga då han var 12 år. Dei fleste i alle fall. Platas tittel er ei hylling til det svenske radioprogrammet han oppdaga i 1973. Og som tende interessa for blues. Innhaldet på plata er ei fin blanding av klassikarar og meir moderne stoff. Platemelding Spotify

Asbjørn Ribe 1400_SKI_coverAsbjørn Ribe og De “1400 Ski” – Denne plata er ei oppvising behageleg smektande popmusikk. Med mykje piano og blåsarar. og anslag av gospel. Den første referansen første referansen som renn meg i hu er Randy Newman. For dette er ikkje popmusikk som hans tidlegare band er vortne kjende for. Den musikken er meir ”vaksen”, for å seie det på ein dum måte. Plata er fint produsert av Ribe og Rune Berg, og han får mykje god hjelp. Mellom anna frå Jonas Alaska og Thom Hell. Platemelding Spotify

The Royalties “The Last Royalties” – The Royalties har sakte forandra seg frå debuten i 2007. Etter å ha kutta ut blåsarrekka heilt på førre plata og gått i ei meir variert retning, leverte dei med den si beste plate. Dei gjer også forandringar her og leverer eigentleg ei like sterk plate. Forandringa på personellsida denne gongen er tillegget av Asbjørn Søyseth. Han spelar Hammond-orgel. Og dominerer store delar av plata. Platemelding Spotify

sdh_arcade_coverSeven Doors Hotel ”The Arcade” – Den fjerde plata frå bandet til Alexander Lindbäck. Mannen bak alle låtar, vokal og gitarar, står også bak produksjon av plata. Og plata skuffar sjølvsagt ikkje. Platemelding Spotify

Egil Skram “The Lawmen Are Coming” – Endeleg ein artist frå det blide sørland som maktar å ta attende countrymusikk med inspirasjon av Elvis frå tulle- og søppelavdelinga. Det er etter kvart det eg assosierer med musikk innan denne sjangeren frå nemnde landsdel med. Platemelding Spotify

Sudan Dudan “Inntil i Dag” Det har blitt drege samanlikningar Sudan Dudan til den amerikanske musikken frå Appalachia. Musikk frå det ein del av landet som ligg høgare enn normalen. Det er difor lett å dra parallellar til Valdres. Dei har også blitt samanlikna med Gillian Welch og David Rawlings. Heller ikkje det ei dårleg samanlikning. Platemelding Spotify

transfigured nightTransfigured Night “Transfigured Night” – Al DeLoner, eller Atle Byström som han eigentleg heiter, har ein imponerande karriere bak seg. Fem soloalbum, fem studioalbum og eit konsertalbum med Midnight Choir. Eit album saman med Chris Eckman, frå The Walkabouts, under namnet Höst. Og no Transfigured Night. Eit band der han har fått med seg Rikke Knutsen som vokalist. Og bortsett frå det sistnemnde, er det ikkje så ulikt det DeLoner har gjort tidlegare. Det er i americana-land. I ei litt mørk og mollstemd utgåve. Utgangspunktet er vokal, gitar, bass og trommer. Med visse danderingar undervegs. Platemelding Spotify

Julie Willumsen “Ikkje Vekk Mæ Før Æ Våkna” – Platas store styrke, utanom Willumsen sjølv, er produsent Henrik Maarud. Han har laga eit fantastisk lydbilete. Lågmælt og behageleg. Og veldig detaljrikt. Han held dei dyktige musikarane stramt i taumane. Men likevel fløymer det over av detaljar her. Ho har gått frå ganske standard poprock til noko som ligg i skjeringspunktet mellom vise og pop. Utan at eg er heilt sikker på at det er rette uttrykket. Platemelding Spotify

The Yum Yums “..Play Good Music” – Endeleg var The Yum Yums og Morten Henriksen attende. Og då sa eg berre: Håpar det var like godt for deg som det var for meg. Dette er kanskje verdas beste powerpop-orkester. Ikkje meir, ikkje mindre. Platemelding Spotify

aasland_coverAaslandbros & Olav Larsen «Drunkards, Misfits & Losers – EP – Dette er det ein kalle eit overskotsprosjekt, frå to på sine kantar suverene artistar. Får håpe at Aasland Brothers no og kan få ut ein eiga plate. Akkurat kvaliteten på den er lett å fastslå på førehand. Den vil bli høg akkurat som på denne. Platemelding Spotify

BARNEPLATER FOR STORE BARN

Onkel Tuka “Musekongen Blues” Etter at Martin Hagfors og Håkon Gebhardt under namnet Meg og Kammeraten Min i fjor gav ut den flotte barneplata “Det e’kke bra før det er dårlig”, er det ikkje unaturleg at Onkel Tuka prøver seg på det same. Og dei gjer meir enn å prøve. Dei lukkast så til dei grader. Platemelding Spotify

Good Time Charlie “Draumeblues Og Blåsus” – Good Time Charlie følgjer i spora til Meg og Kammeraten Min, og Onkel Tuka. Og gir ut ei barneplate. Ei plate dei no tek ut på turne. Der dei to før nemnde artistane har basert utgjevingane sine på originalmateriale, satsar Hjelmeland og kompani i halvparten av tilfella på coverversjonar av klassiske låtar. Med tekstar skrive Hjelmeland. Platemelding Spotify

1 COMMENT

LEAVE A REPLY

Please enter your comment!
Please enter your name here