Tedo Stone – Good Go Bad

Ein kan trygt seie at forventningane frå fjorårets EP, ”Happy”, blir innfridd når Stone endeleg debuterer med ein fullengdar. Som på EP-en snakkar vi om soul. Denne gongen kanskje ikkje så mykje countrysoul. Heller kanskje meir mot rocka soul. Som Stones til tider var så gode eksponentar for på byrjinga og midten av 70-talet.

Og små fine tekniske detaljar heimehøyrande på feil side av gjerdet på 80-talet. Men her fungerar dei særs godt. Med ein vokalist som minnar av alle ting om Marc Bolan. Men når det er sagt, Tedo Stone har ei stemme som står godt eigne bein og er ytterst original. Mannen er også det eg vil kalle ein gudebenåda låtskrivar.

Med seg på denne flotte plata har sin faste bassist, Billy Lyons, og den Grammy-vinnande produsenten Matt Goldman på trommer. Stone står for stort sett alt anna av instrumentering.

«Big As The Ocean», som opnar plata, lenar seg mest mot 70-talet. Halvvegs uptempo med mykje gitarar og flott orgel. Og ein flott soulkjensle over seg. Meir inderleg og rolegare på «Good Go Bad». Men dei aukar trykket etter kvart og blåsarane som etter kvart dukkar opp er med på dette.

Og skal eg bruke ordet dessverre i denne meldinga så blir det her. Dessverre er dette den einaste låten på plata med blåsarar. Dei løftar låten utruleg godt. «Taste» får meg til å gløyme det. Her brukar dei i staden keyboard/synthesizer på ein måte som får meg til å gløyme 80-talet. Sjølve låten er litt meir sprettande. Dei fem første sekunda av «Who» får meg til å tenke på ”Sexual Healing”. Og her går dei heile vegen med trommemaskin og synthesizer. Men som eit tillegg til Stone sitt flotte lydbilete.

«Back Again» er nesten på grensa til vals. Men etter kvart feiande flott. Soulvals. Han tar det, for å seie det mildt, heilt ned på «Circles». Ei fin lita vise spelt på ukulele. Og spelt inn på ein iPhone på Hawaii. Nakent for å seie det mildt. «High» er Stone tilbake på soulsporet. Igjen med mykje flott orgel og godt gitarspel. «Time» er platas ballade. Med piano som leiande instrument. Og rett og slett berre nydeleg. Pianoet følgjar oss inn i ”War”. Her høyrest han nesten ut som Supertramp. Men med varig verdi. «Downtown» som avsluttar plata har og varig verdi, spesielt når han hiv seg ut i refrenget for andre gong. Og platas kanskje tyngste og mest rocka låt. Samt den beste. Som nok ein gong viser at dei verste triksa frå 80-talet kan fungere bra. Her i trommelyden. Skikkeleg boksmat. Men ein fantastisk låt får meg til å gløyme alle ankepunkt.

For ankepunkta her er få, om ikkje ikkje-eksisterande. Nok ei flott plate frå dei amerikanske sørstatane.

KjøpLytt

Denne omtalen ble første gang publisert i Firdaposten 19.07.13 og er gjengitt med tillatelse.

SHARE
Forrige artikkelSommervideofestival ’13
Neste artikkelThe Margarets, gjenforent på Giske
Musikkfanatiker. Platesamler. Mislykka musiker. Musikkskribent på hobbybasis. Forhenværende fluefisker. Uføretrygda pga MS. Skriver for Firdaposten.no

LEAVE A REPLY

Please enter your comment!
Please enter your name here