Mando Saenz – Studebaker

Nok ei kjekk oppdaging. Überkjekk rett og slett. Ein til no for meg ukjend texaner som dukka opp frå det blå og ned i postkassa mi (den analoge). Utan nokre meir opplysningar enn det som står på platecoveret. Og songane på plata. Som er gjennomgåande av særs høg kvalitet.

Mando Saenz er som sagt texanar og dette er hans tredje plate. Dei to første, ”Watertown” og ”Bucket”, kom i høvesvis 2005 og 2008. Men dei har eg ikkje høyrt. Enno. Men det skal eg. Dette er rett og slett så bra at det rettferdiggjer litt graving.

Årets plate blei spelt inn av og hjå Mark Nevers i hans Beech House Studio i Nashville. Nevers er kanskje mest kjend for sitt arbeid saman med Lambchop, men han har også samarbeidd med mellom anna Bonnie ‘Prince’ Billy og Calexico. Men musikken på denne plata liknar ikkje nokre av dei nemnde artistane. Her snakkar vi om americana og roots, innan Texas-songwritar-tradisjonen.

Av dei 12 låtane her, er sju laga av Saenz, dei fem andre i samarbeid med andre. Mellom anna den fine opningslåten «Breakaway Speed». Skriven saman med ein annan fin americanaartist, Kim Ricbey. Som også syng duett på den litt uptempo countryrocklåten. «Battle Scar» fortset i same gata. Han roar seg litt ned på «They Don’t Make ‘Em Like You Anymore». Og her er det berre nydeleg. Igjen ein fin duett og litt forsiktig bruk av strykarar. Eit flott piano som held alt i saman og etter kvart ein flott slide-gitar som krydder. «Pocket Change» aukar tempoet og trykket. Litt naturleg sidan låten handlar om ein bil. Og om ein ser på teksten er nok dette platas tittelspor. Han tek ned att tempoet på ”Nobody”. Igjen er strykarane på plass og igjen er det berre nydeleg. «The Road I’m On» minnar om Steve Earle i velmaktsdagane. Som om du likar det eller ikkje, er ei god stund sidan. Halvtempo slentrande countryrock. Han følgjer same formelen på «Hard Time Tennessee». Og eg skjønar meir og meir for eit flott plate dette er. Eller überkjekk som eg skreiv lengre oppe. Nok ein gong med fin duettsong undervegs. «Sweet Marie» er meir akustisk i lyden. Med fela sentralt plassert. Nok ein nydeleg låt. Halvtempo og slentrande. Det er ikkje «Tall Grass». Den er meir honky-tonk bluegrass. Men igjen mykje fele. «Colorado» er tyngre. Og saktare. Meir intens. Platas tyngste låt. Men også dette uttrykket kler Saenz godt. Fine slide-gitarsoloar som saman med fela ryddar vekk det som måtte være av gruff. Tyngda er framleis intakt på «Bottle Into Gold». Men er mykje lettare i steget. Og svingar veldig fint. «Smiles At The Door» senkar tempoet og parkerer Studebakeren. Nok ein fin roleg, intens låt. Her med fin dandering av blåsarar.

Og som sagt ei utruleg flott plate, den finaste eg har oppdaga i sommar. Om vi eigentleg kan kalle dette sommar, då?

KjøpLytt

Denne omtalen ble første gang publisert i Firdaposten 29.06.13 og er gjengitt med tillatelse.

SHARE
Forrige artikkelKickstart Otis Gibbs!
Neste artikkelSommervideofestival ’13
Musikkfanatiker. Platesamler. Mislykka musiker. Musikkskribent på hobbybasis. Forhenværende fluefisker. Uføretrygda pga MS. Skriver for Firdaposten.no

LEAVE A REPLY

Please enter your comment!
Please enter your name here