Jimbo Mathus & The Tri-State Coalition – White Buffalo

Mannen med ein fortid i swing-revival bandet Squirrel Nut Zippers er ute med si tiande soloplate. Så vidt eg kan sjå. For å være ærleg, har eg aldri lagt merke til mannen før, og det er jo litt synd. For dette er heilt glimrande.

No kan eg ikkje seie at eg har høyrt verken mannen eller bandet hans før, men om denne plata er ein peikepinn på korleis resten av produksjonen hans læt, er det ingen grunn til ikkje å sjekke det ut.

Musikalsk er dette kva eg vil kalle standard americana. Ikkje noko nytt og banebrytande her. Berre ei rad glimrande låtar.

Den Eric Ambel-produserte plata opnar med låten eg oppdaga Mathus med, «In The Garden». Og allereie her skjønar ein at dette er noko ein ikkje vil gå glipp av. Singer/songwriter med enkel akustisk gitar-opning. Med fin oppbygging med fullt band inkludert eit trekkspel som ligg under og løftar låten fram. «(I Wanna Be Your) Satellite» beheld trekkspel, men er meir streit rock i oppbygginga. Med fin dubidu-koring heile vegen. Streit er også «Tennesse Walker Mare», men meir sånn som Steve Forbert eller Todd Snider ville levert ein halv-tempo låt. «White Buffalo» er eit tittelspor med atskilleg tyngde og bravur. Og den viser at Mathus har det i seg til å levere rockelåtar med skikkeleg trykk. I så måte blir «Hatchie Bottom» ein stor kontrast. Meir lågmælt, meir singer/songwriter, akustisk gitar og munnspel. Og igjen er vel Forbert/Snider ingen ueffen referanse. Med litt country i botnen. «Fake Hex» læt sån som Stones høyrdest ut når dei likna på eit rockeband. Men også Faces, og eit hakkande piano blir jo aldri feil. Her er det litt kontrastar, trekkspelet blir plukka fram på «Poor Lost Souls». Ein fin, liten countryvals. Med gospeltendensar.

«Self» beheld sistnemnde tendensar, men er meir hjarteland i lyden. Ein tittel som «Run Devil Run», burde borga for ein låt som gjekk i 120 og ikkje såg seg attende. Men i staden får vi ein litt bluesinspirert sakte, dvelande låt. Med djevelen i detaljane. Og samstundes ei brikke til i platas eigentleg fine variasjon. «Useless Heart» avsluttar plata. Og sørgjer for at eg sit igjen med ei god kjensle når plata er ferdig, ein fin støvar av ein halv-tempo låt der hammondorgelet er plukka fram for smakfullt akkompagnement. Igjen er referansane Forbert/Snider, men også Mellencamp (klassisk) og Dylan er vel ikkje heilt feil.

Og med sånne referansar som eg har nemnt her, skjønar du kva dette går ut på. Og kvifor DU bør skaffe deg denne plata.

Kjøp plata her – Fat Possum Records

Tidligere publisert i Firdaposten den 16.februar 2013 – Gjengitt med tillatelse av Platearbeidaren

LEAVE A REPLY

Please enter your comment!
Please enter your name here