Gjestepost: In Confesso – Garage, Bergen 20.08.2011

Av og til dukker det opp invitasjoner til sleppefester og konserter med band hvis musikk vanligvis ikke blir dekket og omtalt her på bloggen.
Mye av årsaken til det er at jeg er litt redd sinte unge menn som spiller veldig fort på instrumentene sine og som får ut sin frustrasjon over oppvask, studiepoeng og vanskelige sjefer ved å rope veldig høyt inn i mikrofonene sine.

Min gode venn Jaran Raa, derimot, er veldig glad i den type musikk. Så når In Confesso inviterte til sleppefest på Garage så sendte vi avgårde Jaran for å dekke begivenheten. Jeg er den første til å innrømme at jeg ikke forstår meg på denne musikken, men det er tydelig at Jaran har hatt en aldeles glitrende kveld – så vi kan vel slå fast at sleppefesten var en suksess og at In Confesso leverte.

Over til Hr. Jaran Raa:

Laurdag var det duka for deilig metall på Garage. Smått krakilske Quavila stod for første gig, og dei gjorde ein aldeles formidabel innsats. Kvintetten, på høvesvis trommer, bass, gitar og vokal, gitar og til slutt eitt eller anna computerbasert, spelar ein mistenkjeleg miks av thrash og meir ekstrem og eksperimentell progressiv metall. På bergensk. Tankane gjekk til både Mr. Bungle, Mars Volta og tidleg Sepultura undervegs.

Det skitne, men likevel så avanserte lydbiletet drukna dessverre mykje i den noko tjukke lyden ein fort, spesielt som oppvarmingsband, kan stå til knes i på Garage. Likevel sat ein med ei kjensle av at dette bandet gjorde nøyaktig det dei skulle, og det dei ynskte, om det var aldri så abstrakt, ikkje ein tone vart servert med tanke på publikum, dette var kun musikk framførd fordi det var dette verket bandet vil framføre. Skjorte- og vestkledde, spelekåte musikarar fekk uante mengder haker til å sleppe denne kvelden, med låttitlar som 7.2, 7.3 for ikkje å snakke om 7.4. Eg vart sjølv hamra rett i bakken, og vil ha meir. No, helst.

Quavila - live på Garage

Det var likevel neste band ut sin kveld. In Confesso hadde plateslepp, og det vanskelege andrealbumet vart lansert. Plata heiter The Sleeper og er ein tung godsak med referansar rundt om kring i totusentalets metallverd, men i enn meir roleg sjø, der me til dømes finn dei lokale kollegaene i Audrey Horne, tidvis Tool, og noko meir kjende Linkin Park og denslags, både i produksjon, låtskriveri og vokale harmoniar. Unorsk og profesjonelt og pokker så bra.

Flinke folk òg, det må seiast. Ein gitarist bevæpna med ein gaffatapa Paul Reed Smith meiner definitivt alvor, både når det kjem til instrument og utøving. Bandet på scenen let tøft, vokalist Daniel Fregstad leverte på skyhøgt nivå, og sjølv om låtmaterialet til tider kan verte litt keisamt, ja, dessverre, til dømes eitt og anna tungt, groovy riff som ikkje er fullt så velskrive, men meir basert på å flyte på vokal og igjen produksjon, Linkin Park seier du, vel, det kan vere, fungerte dette heilt flott i ein slik høglydt og intens setting. Publikum let seg rive med av Fregstads scenetekke, med rette, og fekk ein kraftfull valuta for velinvesterte inngangspengar.

Det var tydeleg at In Confesso gleda seg til å føre fram nytt materiale. Med god grunn. Dei gav alt, og me fekk alt. Det ville forundre meg om dei ikkje klarer å opparbeide seg eit solid namn etter kvart.

Se og hør «The Sleeper» fra sleppefesten på Garage:

Get the Flash Player to see the wordTube Media Player.
SHARE
Forrige artikkelFrem Fra Glemselen: Henning Kvitnes – The Young Lords / Saturday Cowboys
Neste artikkelORBO & The Longshots – Prairie Sun
Jeg mener at livet er for kort til å høre på dårlig musikk. Og vil heller anbefale GOD musikk, og har som mål å anmelde musikk jeg LIKER, istedenfor å skrive slakteanmeldelser for å få ut innestengt aggresjon over egen utilstrekkelighet. Noenlunde fast plass på spillelista: Elvis, Bob Dylan, Neil Young, Reckless Kelly, The Rainmakers, American Aquarium, Sons of Bill, Lars Winnerbäck, Tom Petty, Todd Snider, Son Volt, Ryan Adams, Drive-By Truckers... Topp 3 på spillelista: Bob Dylan, Elvis, Lars Winnerbäck. Faller alltid tilbake på disse når jeg går lei av å prøve å finne diamantene i kullbingen. Noen favorittskiver: Son Volt - Trace Bob Dylan - Blood On The Tracks Neil Young - Ragged Glory Lars Winnerbäck - Södermarken Chip Robinson - Mylow Kasey Anderson - Nowhere Nights Paul Simon - Graceland Drive-By Truckers - Dirty South Ryan Adams - 48Hours The Backsliders - Throwin' Rocks At The Moon

LEAVE A REPLY

Please enter your comment!
Please enter your name here